Bat Galim (hebraisk בת גלים) er eit nabolag i Haifa i Israel ved foten av Karmelberget og kysten av Middelhavet. Bat Galim er kjent for promenaden og sandstrendene.
Historie Bat Galim var den første jødiske busetnaden i det moderne Haifa. Nabolaget vart grunnlagt i 1920-åra som ein hageby med private heimar designa av Bauhaus-arkitekten Richard Kaufmann. Under Palestinamandatet var Bat Galim underhaldningsstrøket i Haifa. Casino, eit kjent byggverk på promenaden i Bat Galim, husa ein kafé der britiske offiserar brukte å gå, men vart aldri nytta til gambling. Det var òg eit senter for vassport i landet og det vart bygt eit symjebasseng der.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bat Galim» frå , den 28. september 2014.
Kategori:Bydelar i Haifa