Ayalon (hebraisk נחל איילון, Nahal Ayalon, Nahr el barideh eller Wadi Musrara på arabisk) er ei fleirårig elv i Israel som spring ut i Judeafjella og munnar ut i Yarkonelva i Tel Aviv-området.http://www.mindat.org/loc-105763.html Den samla lengda til Ayalon er kring 50 km og ho drenerer eit område som dekkjer 815 kvadratkilometer. Elva flyt gjennom Shephelah-området, frå Judeafjella i Ayalondalen, nær Ben Gurion lufthamn, langs Ayalonvegen og munnar ut i Yarkonelva i bydelen Bavli i Tel Aviv. Tidlegare rann elva til Middelhavet nær Jaffa, men for å hindre flaum i bustadområda vart ho omleidd.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ayalon River» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Israel Kategori:Geografi i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Wadiar