Nahal Amud (hebraisk נחל עמוד), òg kalla Wadi Amud, er ei elv i Øvre Galilea som renn ut i Genesaretsjøen.
Kjelda til elva, Ramat Dalton, ligg 800 meter over havet. Nedslagsfeltet omfattar fjelltoppane Kanaanfjellet (955 moh) og Har Meron (1 204 moh) og ho flyt sørover gjennom det austlege Galilea til nordvestsida av Genesaretsjøen - ei høgd som er 200 meter under havnivå. Elva er kalla opp etter ei søyle som stig høgt opp frå bakken, like ved elva nær Kibbutz Hokuk. mini|venstre|Søyla som elva er kalla opp etter. Det finst mange grotter i kløfta som danna elveleiet på denne staden, og var ein gong busett av Homo heidelbergensis og seinare av neandertalarar, som i grotta ved Zuttiyeh. Dei første paleontologiske utgravingane i det som då var Palestina fann stad her i 1925-1926.Excavations i Wadi Amud I grotta fann ein òg gjenstandar frå Moustérienkulturen og acheuléen.
Det meste av Nahal Amud vart erklært eit naturreservat i 1972.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nahal Amud» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Amud stream @ eretz.com
Kategori:Elvar i Israel Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Førhistoriske stader i Israel Kategori:Verneområde i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Neandertalarstader Kategori:Wadiar