thumb|Computertomografi som visar eit subtilt knokkelbrot i tinningbeinet hjå ein person med alvorleg hovudskade Basisfraktur eller basisbrot er eit knokkelbrot i golvet (basen) av hovudskallen, og inneberer oftast tinningbeinet, bakhovudbeinet, kilebeinet og/eller silbeinet.
Basisfraktur er uvanleg, og oppstår i ca. 4% av alvorlege hovudskader.Graham DI and Gennareli TA. Chapter 5, "Pathology of Brain Damage After Head Injury" Cooper P and Golfinos G. 2000. Head Injury, 4th Ed. Morgan Hill, New York.Orlando Regional Healthcare, Education and Development. 2004. "Overview of Adult Traumatic Brain Injuries" , henta 16. januar 2008.
Brotet kan føre til flengjing i hinnene rundt hjernen og resulterande lekkasje av cerebrospinalvæske (CSV). Lekkasjen kan samle seg i mellomøyret og dryppe ut av den perforerte trommehinna (otorré), eller renne inn i nasesvelget (nasofarynx) via øyretrompeten, og skape saltsmak i munnen. Cerebrospinalvæske kan dryppe frå nasa (rhinoré) ved brot i fremre skallebasis, og utvise haloteikn. Alle desse teikna er karakteristiske for basisfraktur.
Sjå òg kraniebrot
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Basilar skull fracture» frå , den 13. desember 2014.
Kategori:Knokkelbrot Kategori:Hovudskadar Kategori:Sjukdommar i skjelettsystemet