Claudia Giordani () er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Milano som vann sølvmedaljen i slalåm under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.
Aktiv Giordani slo seg inn i den alpine verdseliten på tampen av 1973-sesongen. Sesongen etter vann ho eit storslalåmrenn i franske Les Gets og tok sin fyrste siger i verdscupen i alpine greiner. Seinare, i februar 1977 og mars 1980, steig ho til topps i to slalåm-tevlingar i verdscupen. I alt stod ho 17 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.
Under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck 1976 sikra Giordani seg sølvmedaljen i slalåm, berre den store forgrunnsfiguren under leikane, tyske Rosi Mittermaier, rann betre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claudia Giordani» frå , den 11. januar 2015.
Kategori:Italienske alpinistar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980