mini|Emil kl. 15 den 3. januar 2012. Emil var eit varsla ekstremvêr utstedt 3. januar 2012 for Vest-Agder. Varselet gjaldt sterk vind, høg vasstand og mykje nedbør. Dette var det første ekstremvèret som råka Vest-Agder sidan ekstremvêret Tuva i 2008.

Vêrsituasjonen Stormsenteret var venta å gå like over Sørlandet på veg mot Sør-Sverige og gje først kraftig sønnavind, etterfølgd av vestleg til nordvestleg full til sterk storm på kysten, med bølgjehøgder mellom 8 og 12 meter i Skagerrak. I tillegg til den kraftige vinden var det venta mykje nedbør og høg vasstand.

Verknad Stormsenteret gjekk noko lenger sør enn venta. Dette gjorde at Vest-Agder derfor slapp unna den sterkaste vinden, og vêret vart ikkje så ekstremt så det var varsla. Det vart målt full storm frå Torunden til Røvær utafor Haugesund i Rogaland. Den kraftigaste vinden vart målt på Eigerøya, som fekk 28,2 m/s (full storm) med vindkast opp i 35,5 m/s.

Det vart ikkje berre Noreg som vart råka av uvêret. I Storbritannia vart det målt vindkast på over 160 kilometer i timen (44 m/s) og svært mykje nedbør. To personar omkom i samband med uvêret der. I Danmark velta eit stillas og stormen vart den kraftigaste som var målt der på 7 år. I Sverige mista over 25 000 menneske straumen etter uvêret, og hustak vart riven av.

Vindmålingar

Stasjon Sterkast middelvind (m/s) Sterkaste vindkast (m/s) Eigerøya 28,2 35,5 Lindesnes fyr 26,6 32,9 Blåsjø 25,5 31,1 Lista fyr 25,2 32,0 Obrestad fyr 24,231,9 Utsira fyr 23,8 32,8 Torungen 23,7 29,5 Midtlæger 23,1 30,0 Røvær 22,8 29,0 Oksøy fyr 21,9 28,4 Kvitsøy-Nordbø 21,6 27,6 Sola lufthamn 20,1 27,3 Haugesund lufthamn 18,7 25,7 Kjevik 18,4 25,5 Særheim 16,2 27,9 Landvik 14,7 23,8 Byglandsfjord-Neset 14,7 21,3 Fister-Sigmundstad 12,4 25,7Eik-Hove 11,7 25,1 Liarvatn 10,5 22,1

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Kjelder

Emil Kategori:2012 i Noreg