Peki'in HaHadasha (hebraisk פְּקִיעִין החֲדָשָׁה, tyder 'Ny Peki'in') er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Peki'in og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 355.
Moshaven vart grunnlagd i 1955 av to gar'inar av emigrantar frå Marokko etter initiativ frå president Yitzhak Ben-Zvi. Den første gruppa kom der i februar, og bestod av tidlegare innbyggjarar frå Casablanca, Fes, Melilla og Rabat. Den andre gruppa kom i oktober og bestod av emigrantar frå Larache, Tangier og Tétouan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peki'in HaHadasha» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1955 i Israel