Bnei Ayish (hebraisk skrift בְּנֵי עַיִ"שׁ) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg kring 10 km frå Ashdod ved grensa til Gedera.
Bnei Ayish vart grunnlagd på landområde som høyrte til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Yasur.
Bnei Ayish tente opphavleg som ein transittleir for immigrantar frå Jemen tidleg i 1950-åra. Før det israelske sjølvstendet tente området som militærbase for den britiske hæren under Palestinamandatet. I dag består folkesetnaden nesten utelukkande av jødar som stammar frå Jemen og immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.
Bnei Ayish, som tyder 'søner av Ayish', er kalla opp etter rabbinaren Akiva Yosef Schlezinger som fekk namnet sitt forkorta til «Ayish».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bnei Ayish» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:1951 i Israel