Kiln House er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1970. Dette var det første albumet til Fleetwood Mac etter Peter Green slutta, og det siste albumet med Jeremy Spencer. Christine McVie var til stades på innspelingane og medverka med korvokal og plateomslaget, men vart ikkje fulltidsmedlem i bandet før etter albumet var ferdiginnspelt.
Tittelen på albumet henta frå eit omgjort tørkehus for humle i Truncheaunts Lane, nær Alton i Hampshire. Huset, som i dag er verna, vart leigd av bandet, som budde der i lag med familiane sine i ein seks månader lang periode i 1970. Mick Fleetwood gifta seg med kona si i huset den 20. juni 1970.
Plata er dominert av Spencer sine hyllester og parodiar av 50-talsmusikk, i tillegg til Danny Kirwan sine meir oppriktige songar. «Buddy's Song» er tilskriven mor til Buddy Holly, men er i røynda songen «Peggy Sue Got Married» med ny tekst som omtalar mange songtitlar av Buddy Holly.
Ein tidleg versjon av Kirwan-instrumentalen «Earl Gray», kalla «Farewell», vart seinare gjeven ut på samleplata The Vaudeville Years.
Innhald
Medverkande Fleetwood Mac Jeremy Spencer – gitar, vokal, piano Danny Kirwan – gitar, vokal John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon
Andre medverkande Christine McVie – korvokal, klaverinstrument (uncredited)
Produksjon Produsent: Fleetwood Mac Lydteknikar: Martin Birch Plateomslag av Christine McVie
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kiln House» frå , den 16. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av John McVie Kategori:Album produserte av Danny Kirwan