«Songbird» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours frå 1977. Han vart òg gjeven ut som B-sida til singelen «Dreams». Songen er ein av fire songar som er skrivne av Christine McVie aleine på albumet. Ho song ofte songen på konsertane til bandet.

Eva Cassidy-versjonen Eva Cassidy gav ut ein versjon av songen i 1998 på ei posthum samleplate med namnet Songbird. Trass i at plata kom ut to år etter ho døydde av melanom, nådde albumet til slutt førsteplassen på den britiske albumlista i 2001.The Official UK Album Chart Top 75 , 25. august 2001. Henta 31. juli 2015. «Songbird» gjekk inn på den britiske singellista i september 2009 med ein 56. plass og han vart ofte sungen i musikkonkurransen The X Factor.

Willie Nelson-versjonen

Willie Nelson spelte inn «Songbird» i 2006 for albumet Songbird, som vart det andre albumet som er kalla opp etter songen. Albumet nådde 87. plassen på Billboard 200 i USA.

Andre versjonar Gitaristen John Frusciante framførte songen på turneen til Red Hot Chili Peppers i 2006-2007.

Ronan Parke spelte inn «Songbird» i 2011 for debutalbumet Ronan Parke.

Stan Walker gav ut songen i 2011 på albumet Let The Music Play.

Naya Rivera framførte «Songbird» i ein episode av fjernsynsserien Glee.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Songbird (Fleetwood Mac)» frå , den 31. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 2006 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Eva Cassidy-songar Kategori:Songar skrivne av Christine McVie Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut