Antti Hermanni Ruuskanen () er ein finsk spydkastar frå Pielavesi som vart europemister i øvinga i 2014 og vann bronsemedaljen under dei olympiske leikane 2012 og ved europameisterskapen 2016.
Karriere Ruuskanen kom på sjetteplass under VM i friidrett 2009 i Berlin med eit bestekast på 81,87. Tre år seinare vann han bronsemedaljen i spydkast under Sommar-OL 2012 i London, ein knapp halvmeter bakom overraskingsmannen, gullvinnaren Keshorn Walcott.
Etter å ha vorte nummer fem då VM i friidrett 2013 fann stad i Moskva, viste Ruuskanen seg som den suverent beste spydkastaren under EM i friidrett 2014. Han tok leiinga i fyrste omgang med 83,81 m, la på til 86,85 i andre omgang, før han i tredje omgang sende spydet avgarde 88,01 meter, eit kast som var tre meter lengre enn det nokon annan utøvar makta prestere.
Ruuskanen forbetra sin personlege spydrekord til 88,98 meter då han vart finsk meister i Pori 2. august 2015.
mini|venstre|Antti Ruuskanen i 2014
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Nr 6 – 81,87 m VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 79,46 m OL 2012 i London: Bronsemedalje – 84,12 m, bakom Oleksandr Pjanytzja (84,51 m) VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 81,44 m EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 88,01 m, framom Vítězslav Veselý (84,79 m) VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 87,12 m EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 82,44 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 – 83,05 m EM 2018 i Berlin: Nr 6 – 81,70 m VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (75,05 m=nr 28)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antti Ruuskanen» frå , den 12. august 2015. Denne artikkelen bygger på «Antti Ruuskanen» frå , den 12. august 2015. World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016