Jamma'in (arabisk جمّاعين) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, 16 km sørvest for Nablus, 6 km nordvest for Salfit og 40 km nord for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 227 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.

Historie Jamma'in ligg på ei høgd som har vore busett sidan oldtida. Tilskjerte steinar har blitt nytta om att i landsbyhusa, murar, gjerde og jordbruksterrassar. Ein har òg funne uthogde cisterner. 400 meters nordvest for byen ligg gravholer hogde ut i berget, med ei nisje og grotte (kalla I-Qubay'ah). Ein har òg funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.Dauphin, 1998, s. 807

På 1000- og 1100-talet var landsbyen eit senter for Hanbali-aktivitet.Finkelstein and Lederman, 1997, s. 506

Byen har vore busett sidan midten av islamsk tid Palestina og Saladin slo leir her med hæren sin. Dei førte innbyggjarane i byen var Bani Qudama, som flytta til Damaskus og oppretta forstaden Salihiyah i 1156. Medan dei var i byen bygde dei den første moskéen her.

Yaqut skildra staden som «Ein brunn i Nablusåsen i Filastin-provinsen. Han ligg ei dagsreise frå Jerusalem og høyrer til den byen.»Le Strange, 1890, s. 462

Ein landsby i krossfarartida (1123 CE), kalla Gemmail,Röhricht, 1893, RHH, s. 23, #101 har blitt identifisert som Jamma'in.

Det osmanske riket Jamma'in vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 18 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for druer eller oliven.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 133.

På 1600-talet regjerte Qasim-familien Jamma'in og tjue nærliggande landsbyar. Jamma'in var setet i Jamma'in underdistrikt i Nablus sanjak.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen (som han kalla Djemma'in) i 1870, og estimerte at han hadde 1400 innbyggjarar. Husa var i betre stand enn mange andre stader Palestina, og somme verka nybygde.Guérin, 1875, s. 172-3

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Jemmain som «den største landsbyen i distriktet, i høgt lende, omgjeve av olivenlundar. Vassforsyninga er eit reservoar og ein brunn aust for landsbyen.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 284

Palestinamandatet I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde hadde Jammain eit folketal på 720, alle muslimar,Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25 dette auka i folketeljinga i 1931 til 957, framleis alle muslimar, i 202 hus.Mills, 1932, s. 62.

I 1945 hadde Jamma'in eit folketal på 1 240, alle arabarar, med 19 821 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60 Av dette var 5 362 mål var plantasjar og irrigert land, 6 625 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106 medan 77 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156

Etter 1967 Som så mange andre palestinske stader på Vestbreidda, har innbyggjarane i Jamma'in vore involvert i Israel-Palestina-konflikten, og har vore eit mål for fleire raid frå det israelske forsvaret (IDF). Sidan Den første intifadaen i 1987, har seks menneske i byen mista livet i åtak frå IDF og hundrevis har blitt sett i fengsel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jammain» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkommen til Jamma'in

Kategori:Byar på Vestbreidda