Einabus (arabisk عينابوس) er ein palestinsk landsby nord på Vestbreidda, 12 kilometer sør for Nablus i Nablus guvernement. I nærleiken ligg Huwara og Beita i aust ig Jammain i sør.About Einabus Einabus Village Council.

Historie Det er funne gravholer og cisterner hogde ut i berget ved landsbyen.Dauphin, 1998, s. 804

Busetnaden i Einabus er datert attende til jebusittane, men dagens innbyggjarar stammar frå eit arabisk folk som flytta hit under Rashidun-styret av Palestina. Den gamle moskéen i landsbyen vart bygd på den tida og er tileigna Umar ibn al-Khattab. Fram til i dag har oliven og fiken vore dei viktigaste inntektskjeldene for innbyggjarane i Einabus.

Den gamle moskeen, Jama al-Arbain, vart inspisert i 1928 og 1942, og det vart funne ei søyle med ein inskripsjon av namnet Abdallah og datoen 625 (kring år 1227-1228).Sharon, 2004, s. 154

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 49 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 130

I juni 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og noterte seg ei kjelde (som landsbyen er kalla opp etter) og at han hadde kring 400 innbyggjarar. Nedanfor landsbyen låg ein dal med oliventre.Guérin, 1875, s. 177 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (kalla Ain Abus) som «ein liten landsby på ein låg utstikkar frå fjellet, med ei kjelde i vest og oliven i sør.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 283

Demografi I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Ainabus eit folketal på 227 innbyggjarar, alle muslimar,Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak medan han i folketeljinga i 1931 hadde 62 busette hus og eit folketal på 244, igjen alle muslimar.Mills, 1931, s. 61

I 1945 var folketalet 340, alle arabarar, med 4 011 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59 Av dette var 539 mål for plantasjar eller irrigert land, 2 107 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106. medan 29 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156.

Einabus hadde eit folketal på 1200 i 1987, i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå, og 2 340 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Einabus» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Einabus (områdebilete) Velkomen til 'Aynabus

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda