Ijnisinya (arabisk اجنسنيا, ‘IjnisinyâPalmer 1881, s. 183) er ein palestinsk landsby som ligg 12 kilometer nordvest for Nablus i Nablus guvernement. Dei fleste av innbyggjarane er bønder.Ijnisinya Village - Nablus Jerusalem Media and Communications Centre. Han har eit folketal på kring 560. Ijnisinya vert styrt som ein landsbykommune. Landsbyen har ei historie som går attende til bysantinsk tid i Palestina.
Historie Den romerske keisarinna Helena av Konstantinopel, som ei stund budde i Sebastia i nærleiken, brukte å symje i vatnet i Ijinsinya med tenestejentene sine. Området var på den tida ein liten innsjø omgjeve av hagar. Dronning Helena forbaud menn å kome inn i området. Namnet Ijnisinya kjem frå gresk, og tyder «Kvinnens Eden». Det er gjort funn av bysantinsk keramikk i området.Dauphin, 1998, s. 767
I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Jinisina», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 8 hushaldningar og 4 ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar, tilfeldige inntekter, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 126.
Victor Guérin vitja landsbyen og skildra han som ein liten landsby, med både muslimske og kristne innbyggjarar.Guerin, 1875, s. 210 I 1882 vart han skildra som «ei lita grend i ein dal, med oliven kring seg.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
Moskéen i Ijinsinya er datert attende til tida kring Umar ibn al-Khattab og er i dag ein del av skulen i landsbyen.
Romerske ruinar Det ligg ein romersk bygning kalla Sheikh Shu'la på toppen av ein ås oppom tre landsbyar, inkludert Ijnisinya i tillegg til Sebastia og an-Naqura. Bygningen er sagt å vere ruinane av eit romersk kloster som var sju etasjar høgt.
Geografi Ijnisinya ligg 12 kilometer nordvest for Nablus. Han ligg like aust for Sebastia, nordaust for an-Naqura, sør for Beit Imrin og nord for Zawata.Satellite View of Ijnisinya PalestineRemembered. Ijnisinya ligg 460 meter over havet.
Demografi I ei folketeljing frå 1922 utført av Det britiske mandatet hadde Jenesenia 119 innbyggjarar, alle muslimar,Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25Velkomen til Ijnisinya Palestina Remembered. medan han i folketeljinga i 1931 hadde 30 busette hus og eit folketal på 157, framleis alle muslimar.Mills, 1931, s. 61
Folkesetnaden voks noko i 1945 med eit folketal på 200.Hadawi, Sami. (1970). Nablus distrikt Stats from Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine The Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral. I 1967 var folketalet 256.Perlmann, Vol 1, Tab 2: Ijnisinya I 1997 vart det av Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) registrert 418 innbyggjarar, og av desse var 70 (16,7 %) flyktningar.Nablus guvernement Statistics : Palestinian Population by Locality and Refugee Status and palestinsk Population by Locality, Sex and Age Groups in Years Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). I følgje PCBS var folketalet i Ijnisinya 505 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ijnisinya» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Perlmann, Joel: The 1967 Census of the West Bank and the Gaza Strip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Digitized from: Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Population and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: Aust-Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70).]
Bakgrunnsstoff Velkomen til Ijnisinya Ijnisinya (områdebilete)
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda