Timothy Bruce Schmit () er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som bassist og songar i Poco og Eagles. Schmit har òg lenge arbeidd som studiomusikar og soloartist. I 1998 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Eagles.

Biografi Schmit vart fødd i Oakland i California i 1947 og voks opp i Sacramento. Det første instrumentet til Schmit var ein fiolin, før han byrja å spele trombone, ukulele og gitar. Han song heller ikkje så verst og byrja etter kvart å spele bass i ein lokal trio kalla Tim, Tom & Ron, som byta namn til the Contenders då surfemusikk byrja å bli populært i 1962 og 1963. The Contenders utvikla seg til the New Breed og var mellom anna oppvarming for eit ungt Big Brother & the Holding Company, Herman's Hermits og Sonny & Cher. The New Breed utvikla seg til eit folkrock-band kalla Glad og fekk kontrakt med ABC Records. Samstundes vart Schmit kjend med den tidlegare Buffalo Springfield songaren og gitaristen Richie Furay, som var i ferd med å setje saman eit nytt band, som etter kvart vart Poco. Schmit vart spurt om å prøvespele på bass og vokal, men jobben gjekk til Randy Meisner. Glad-albumet Feelin' Glad, kom ut på ABC i 1968, men selde dårleg. I mellomtida slutta Meisner i Poco, og Schmit tok over jobben.

Dei neste sju åra spelte Poco inn fleire album, men klarte aldri å slå heilt igjennom. På nokre av dei tidlege konsertane deira, spelte dei samstundes med Longbranch Pennywhistle, der medlemmane var J.D. Souther, Ry Cooder og Glenn Frey, som seinare var med å starte Eagles. Medan Eagles selde særs godt, sleit Poco med salstala. Våren 1977 slutta Meisner i Eagles, og bandet inviterte Schmit med i bandet, og spelte på det siste offisielle albumet deira på mange år, The Long Run. Albumet kom først ut seint i 1979 og Eagles vart offisielt oppløyst i 1981.

Schmit spelte inn songen «So Much in Love» for filmen Fast Times at Ridgemont High i 1982, i lag med tidlegare bandkolleager. Albumet selde særs godt. Schmit la så ut på ein solokarriere og gav ut fem soloalbum, frå country til pop til lett jazz. Han gjekk attende til Poco i 1984 for albumet Inamorata. Han har òg spelt for andre artistar som Steely Dan, Bob Seger, Jimmy Buffett, Julian Lennon, Ringo Starr, Warren Zevon og Spinal Tap. Han var òg songar og bassist i Ringo Starr's All-Starr Band (der òg Eagles-kollega Joe Walsh var med).

Diskografi

Studioalbum År Albumdetaljar Listeplasseringar US US Heat 1984 Playin' It Cool Første studioalbum Utgjeve: 17. september 1984 Selskap: Wounded Bird Records 160 — 1987 Timothy B Andre studioalbum Utgjeve: 7. september 1987 Selskap: MCA Records 106 — 1990 Tell Me the Truth Tredje studioalbum Utgjeve: 24. juli 1990 Selskap: MCA Records — — 2001 Feed the Fire Fjerde studioalbum Utgjeve: 1. mai 2001 Selskap: Lucan Records — — 2009 Expando Femte studioalbum Utgjeve: 20. oktober 2009 Selskap: Lost Highway Records — 43 «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Singlar År Singel Plasseringar Album US US Main US AC CAN CAN AC 1982 «So Much in Love» 59 — 27 — — Playin' It Cool 1984 «Playin' It Cool» 101 — — — — 1987 «Boys Night Out» 25 17 — 69 — Timothy B. 1988 «Don't Give Up» — — 30 — 22 «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Timothy B. Schmit» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:Musikarar frå California Kategori:Eagles-medlemmar Kategori:Poco-medlemmar Kategori:Irske musikarar Kategori:Steely Dan-medlemmar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songar Kategori:Ringo Starr & His All-Starr Band-medlemmar