«Already Gone» er ein song av det amerikanske rockebandet Eagles for albumet On the Border i 1974. Han var skriven av Jack Tempchin og Robb Strandlund, og produsert av Bill Szymczyk.

Songen var den første singelen frå On the Border og nådde 32. plassen på Billboard Hot 100. Sidan då har songen vore med på samlealbum og konsertane deira. Tanya Tucker og Wilson Phillips har begge spelt songen.

Bakgrunn I omslaget for The Very Best Of seier Glenn Frey at Tempchin sendte han eit lydband med songen i posten. Tempchin hadde alt skriven ein tidlegare singel for Eagles, «Peaceful Easy Feeling».Crowe, Cameron (2003). «Conversations with Don Henley and Glenn Frey". In The Very Best Of (p. 13) [CD booklet]. Warner Music Group.

«Already Gone» var ein av dei første songane Eagles spelte inn etter dei flytta til Los Angeles, og han vart spelt inn av Bill Szymczyk. Frey var solovokalist på songen.Eliot, Marc (2004). To the Limit: The Untold Story of the Eagles. Da Capo Press. s. 313.

Utgjeving «Already Gone» er opningssporet på On the Border, som kom ut på Asylum Records den- 22. mars 1974. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i april 1974.Strong, Martin Charles (2006). The Essential Rock Diskografi. Canongate U.S. s. 345.Ruhlmann, William. «Eagles". allmusic.com. Henta 30. desember 2011. B-sida til singelen var «Is It True».

Songen finst òg på somme av samlealbuma til Eagles, som Their Greatest Hits (1971–1975) og The Very Best Of.«Their Greatest Hits (1971-1975) - Eagles". allmusic.com. Henta 30. desember 2011.«The Very Best Of - Eagles" . allmusic.com. Henta 30. desember 2011.

Songen nådde 32. plassen på Billboard Hot 100 den 29. juni 1974, og låg tre veker på Topp 40, og i alt 15 veker på lista.[ «Already Gone - Eagles"]. billboard.com. Henta 30. desember 2011. Han er rangert som den 206. største hitten i USA i 1974.http://www.bullfrogspond.com/whitburn/1974wye.htm

Innhald 7" «Already Gone» «Is It True»

Lister Liste (1974)Plassering positionBillboard Hot 10032

Andre versjonar «Already Gone» vart spelt inn av Tanya Tucker i 1993 for albumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Songen vart òg spelt inn av Wilson Phillips i 2004 for albumet California.Gardner, Elysa. «Wilson Phillips: 'California' dreaming". usatoday.com. 17. juni 2004. Henta 30. desember 2011.

Ein finsk versjon kalla «Alan Sooloilemaan» vart spelt inn av Karma i 1977 for albumet Morjens.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Already Gone (Eagles song)» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Singlar frå 2004 Kategori:Eagles-songar Kategori:Tanya Tucker-songar Kategori:Wilson Phillips-songar Kategori:Songar skrivne av Jack Tempchin Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Bowling for Soup-songar