Astrid Skare () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho sat på Stortinget frå Buskerud i tre periodar.

Skare hadde utdanning frå Innherad folkehøgskole og Mære landbruksskole. Ho jobba så på kaffistover rundt om i landet (Oslo, Flekkefjord, Skien, Svolvær). På 1930-talet hadde ho lokalpolitiske verv i Røyken kommune, blant anna var ho varamedlem av kommunestyret 1935–37.

Ho vart vald inn på Stortinget første gong i 1945 og så attvald i 1949 og 1953. I alle periodane var ho medlem av Odelstinget og av kyrkje- og undervisingskomiteen.

Kjelder Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.

Denne artikkelen bygger på «Astrid Skare» frå , den 19. desember 2015.

Kategori:Lokalpolitikarar i Røyken Kategori:Folk frå Namdalseid Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap