Ḩanīshøyane (arabisk جزر حنيش) er ei øygruppe i Raudehavet. Dei fleste av dei er ein del av Jemen, men før 1998–1999 gjorde òg Eritrea krav på dei. Etter ei lang rettssak i ein internasjonal domstol med Abdul Karim al-Iryani som rådgjevar, fekk Jemen full eigarskap over dei større øyane, medan Eritrea fekk nokre mindre øyar i sørvest.

Dei tre største øyane er Jabal Zuqar i nord (ca. 130 km²), Al-Ḩanīsh al-Kabīr (Store Ḩanīsh) i sør (ca. 116 km²), og den mykje mindre Al-Ḩanīsh al-Ṣaghīr (Vesle Ḩanīsh) i mellom.

Historie Det osmanske riket gjorde krav på Hanishøyane, men kravet vart lagt bort av Tyrkia i 1923. Frå den gong vart dei styrte av den italienske kolonien Eritrea fram til 1941. I 1941, etter at dei italienske kolonistyrkane overgav seg, etablerte den britiske hæren Eritrea som eit proktektorat. Gjennom 1970-åra gjorde Etiopia (som hadde annektert Eritrea) og Jemen krav på øyane. Den etiopiske interessa i øyane kom av at eritreiske sjølvstendegrupper nytta Hanishøyane, og den nærliggande Zuqar, som base til å angripe etiopiske militærinteresser.

I 1991 fekk Eritrea sjølvstende og i 1995 prøvde dei å ta suvereniteten over øygruppa. Dette starta Hanishøyane-konflikten, som til slutt enda i ein kort konflikt mellom Eritrea og Jemen over øyane. I alt vart 3 til 12 eritrearar og 4-15 jemenittar drepne i kampane.

Sjå òg Zuqar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hanish Islands» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Eritrea Kategori:Øyar i Raudehavet Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Omstridde område i Eritrea Kategori:Omstridde område i Jemen