Reuben Seroney Kosgei () er kenyansk tidlegare hinderløpar frå Kapsabet i Marakwet-distriktet som vart olympisk meister i 3000 meter hinder i 2000 og verdsmeister i 2001.
Aktiv Kosgei vann 3000 meter hinder då juniorverdsmeisterskapen 1998 fann stad i Annecy. To år seinare sprang han inn til gullmedalje i hinderløpet under dei olympiske leikane 2000 i Sydney. Sommaren 2001 sette han personleg rekord med tida 7.57,2 under eit stemne i Brussel, og han vann 3000 meter hinder i verdsmeisterskapen i Edmonton.
Ved VM 2003 i Paris kvalifiserte Kosgei seg til finalen i hindertevlinga, ein finale han ikkje fullførte. I 2006 kom han tilbake i eit stort meisterskap og tok tredjeplassen i 3000 m hinder ved samveldeleikane i Melbourne, slått i spurten av landsmennene Ezekiel Kemboi og Wesley Koech.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 8,21,4, framom Wilson Boit Kipketer (8.21,7) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 8.15,1, framom Ali Ezzine (8.16,2) VM 2003 i Paris: Braut finalen – nr 14
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Reuben Kosgei» frå , den 30. august 2016.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000