mini|Anke Vater til venstre, saman med Sabine Paetz i 1983 Anke Behmer, fødd Anke Vater, () er ein tysk friidrettsutøvar frå Stavenhagen i Mecklenburg-Vorpommern som repesenterte Aust-Tyskland og tevla internasjonalt i mangekamp. Ho vart europameister i sjukamp i 1986, og sikra seg bronsemedaljar i øvinga i VM 1983 og OL 1988.
Aktiv I 1980 vann Anke Vater den fyrste meisterskapen i sjukamp i Aust-Tyskland. Ho kom på fjerdplass i sjukampen og forbetra seg både kva gjaldt poeng og plassering ved friidretts-EM 1983, då ho tok bronsemedaljen bak landskvinnene Ramona Neubert og Sabine Paetz. I 1984 boikotta Aust-Tyskland Sommar-OL 1984 i Los Angeles, så sjukampen vart då ei tevling utan dei austtyske favorittane.
Som Anke Behmer vann ho i 1986 gullmedaljen i europameisterskapen etter å han sanka 6 717 poeng. Året etter vart ho nummer fire i VM i Roma. I 1988 gjorde ho sin aller beste sjukamp og stoppa med 6 858 poeng, men måtte likevel nøye seg med bromsemedaljen, i ei tevling der Jackie Joyner-Kersee sette verdsrekord med heile 7 291 poeng, ein rekord som i 2016 framleis gjeld.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 4 - 6390 poeng, bak Sabine Everts (6418) VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje - 6532 poeng EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje - 6717 poeng, framom Natalja Sjubenkova (6645) VM 1987 i Roma: Nr 4 - 6460 poeng, bakom Jane Frederick (6502) OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje 6858 poeng, bak Sabine John (6897)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anke Behmer» frå , den 30. august 2016.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988