«From Here to Eternity» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den andre singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.
Oversyn Songen er den fjerde og nyaste songen i soga om «Charlotte the Harlot» (dei andre songane er «Charlotte the Harlot,» «22 Acacia Avenue» og «Hooks in You», og sistnemnde har blitt diskutert blant fansen sidan han ikkje faktisk nemner «Charlotte», berre «the keys to a view at number 22»). Songen fortel soga om Charlotte som dreg på ein lagnadstung motorsykkeltur med djevelen.
Dette er den først studiosingelen utan Eddie på singelomslaget, og den andre totalt, etter konsertversjonen av «Running Free». I staden vart det nytta eit bilete frå musikkvideoen til songen. Omslaget til den 7" etsa plata er omslaget folk flest knyter til singelen, sjølv om 12"-versjonen har eit heilt anna bilete. CD Maxi-versjonen nytta same omslaget som 7"-versjonen, men eit anna bilete frå videoen vart nytta på omslaget til den nederlandske versjonen.
Singelen kom ut på fleire format: 7" etsa plate med spor på eine sida og eit etsa bilete på de andre, 7" biletplate, 12" med utbrettbart omslag og ein CD-singel.
Singelen nådde 21. plassen på den britiske singellista.
B-side «Roll Over Vic Vella» er ein versjon av Chuck Berry-songen «Roll Over Beethoven» med ein talt intro og avslutning av den langvarige scenearbeidaren og venen til Iron Maiden, Vic Vella som snakkar med Steve Harris. «I Can't See My Feelings» er ein versjon av ein song av det walisiske bandet Budgie frå albumet Bandolier frå 1975. Konsertversjonane av «Public Enema No One» og «No Prayer for the Dying» på desse singlane er dei einaste konsertversjonane av desse som er gjevne ut på Iron Maiden-plater.
Innhald
7" etsa vinyl
«From Here to Eternity» (Steve Harris) – 3:37 «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:46
7" biletvinyl
«From Here to Eternity» (Harris) – 3:37 «I Can't See My Feelings» (Budgie-song) – 3:50
12" vinyl
«From Here to Eternity» (Harris) – 3:37 «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:46 «No Prayer for the Dying» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Harris) – 4:23
CD Maxi singel
«From Here to Eternity» (Steve Harris) – 3:37 «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:47 «Public Enema Number One» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Bruce Dickinson, Dave Murray) – 3:57 «No Prayer for the Dying» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Harris) – 4:23
Medverkande Bruce Dickinson – vokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar, korvokal Steve Harris – bassgitar, korvokal Nicko McBrain – trommer
Lister Liste (1992) Plassering Irish Singles Chart 27 UK Singles Chart 21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «From Here to Eternity (Iron Maiden song)» frå , den 1. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar frå 1992 Kategori:EMI Records-singlar