Valentina Nikolajevna Tikhomirova, fødd Lomkina, () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Makhatsjkala i Dagestan i dåverande Sovjetunionen, no til dags i Russland. Ho vart europameister i femkamp i 1966.
Aktiv Tikhomirova vart nummer tre i femkampen ved Sovjet-meisterskapen 1966. Sidan dei to andre medaljevinnarane, Irina Press og Tatjana Sjtsjelkanova, boikotta EM i friidrett 1966 i protest mot kjønnstesting, låg vegen meir open for Tikhomirova. Etter eit tett oppgjer med vesttyske Heide Rosendahl vann ho gullmedaljen med 4 787 poeng, 22 fleire enn Rosendahl.
Tikhomirova vart sovjetmeister i femkamp i 1967, 1969 og 1972. Både under Sommar-OL 1968 og friidretts-EM 1969 enda ho på fjerdeplassen i femkamp, medan ho i EM i friidrett 1971 og ved sommarleikane 1972 vart nummer fem.
Sin beste femkamp presterte Tikomirova i 1971-sesongen med 5 234 poeng etter dåverande poengtabell.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Gullmedalje - 4 787 poeng, framom Heide Rosendahl (4 765) OL 1968 i Mexico by: Nr 4 - 4 927 poeng, etter Annamária Tóth (4 959) EM 1969 i Aten: Nr 4 - 4 715 poeng, etter Marija Sisjakova (4 773) EM 1971 i Helsinki: Nr 5 - 4 986 poeng OL 1972 i München: Nr 5 - 4 597 poeng (ny tabell)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valentina Tikhomirova» frå , den 1. september 2016.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972