miniatyr|Poutine Poutine (quebecfransk uttale [pʊʦɪn]) er ein matrett frå Québec som består av varme pommes frites og bitar av halvsmelta ostemasse med brun saus på. Retten er ei form for snøggmat som blei utbreidd i Québec seint på 1950-talet. Han er også blitt vanleg i resten av Canada og nokre stader i nordlege USA.
Retten blir typisk seld i kroer, pubar, buer (ofte kalla cabanes à patates, 'potetskur') og på ishockeystadion. Ein kan også finna han i kjeder som Smoke's Poutinerie og nokre av serveringsstadene til New York Fries, McDonald's, Wendy's,http://www.wendys.ca/food/Product.jsp?family=1007&product=1422 A&W, KFC, Burger King og Harvey's.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Poutine» frå , den 1. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Quebec Kategori:Potetretter Kategori:Snøggmat Kategori:Kanadisk mat