Mads Fredrik Gilbert () er ein norsk lege og politikar for Raudt. Han er spesialist i anestesiologi og klinikkoverlege ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN). Han har vore professor II i akuttmedisin ved Universitetet i Tromsø sidan 1995.
Gilbert har i lang tid vore engasjert i solidaritetsarbeid i Palestina, og har ei rekkje gonger vore i legeteneste i området. Han vart internasjonalt kjent under Gaza-krigen, då han og legekollegaen Erik Fosse greidde å koma inn i Gaza og dermed var dei einaste vestlege vitna til krigshandlingane. Dei vart i det sambandet intervjua av TV-kanalar som BBC, CNN, ABC og Al Jazeera. Hausten 2009 gav dei ut boka Øyne i Gaza og i 2014 Natt i Gaza.
I 2013 vart han tildelt St. Olavs Orden.
Bakgrunn Gilbert voks opp på Majorstua og Lambertseter i Oslo. Han gjekk på Oslo katedralskole på midten av 1960-talet.
Gilbert studerte først ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo. Etter eit drygt år der vart veslebroren hans skadd i ei trafikkulukke og kom på Ullevål sjukehus. Gilbert fortel at møtet med sjukehuset fekk han til å avgjera å endra yrkesval. Han fekk jobb som tilkallingshjelp på Ullevål sjukehus, medan han tente opp nok poeng til å koma inn på medisinstudiet.«Gilbert ville kjempe for Israel».
Utdanning og arbeid Gilbert tok medisinsk embetseksamen i 1973. Han hadde turnusteneste i Lofoten (1974), og var deretter distriktslege i Karlsøy i eitt år (ei stilling bestefaren i si tid hadde). Frå 1976 har han i hovudsak arbeidd ved anestesiavdelinga ved sjukehuset i Tromsø, det noverande Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN). Ein periode arbeidde han ved Gravdal sjukehus i Lofoten. I 1991 vart han dr. med. ved Universitetet i Tromsø på ei avhandling om stoffskifte og blodomløp under anestesi. Han gjorde doktorgradsforskinga si i USA ved University of Iowa i Iowa City.
Han har drive med forsking og undervising i akuttmedisinsk organisering og handsaming utanfor sjukehus (blant anna ambulanseteneste), og med psykososialt støttearbeid ved traumatiske kriser og tap.
Han har arbeidd med kunnskapsformidling på dei same felta, blant anna gjennom ein TV-serie på sju program for barn og unge. Han har òg skrive ei lærebok i livreddande førstehjelp, som i ein periode vart delt ut til alle ungdomsskuleelevar i landet (Gjør noe, da! Lærebok i livreddende førstehjelp, saman med Kåre Moen og Cecilie Arentz-Hansen).
Internasjonalt medisinsk arbeid Gilbert har eit langt internasjonalt virke, der medisinfag og politikk går hand i hand. Han har vore aktiv i solidaritetsarbeidet med palestinerne sidan 1970-talet og har talrike periodar bak seg som lege i Palestina og Libanon. Han har vore ein sentral medspelar i eit arbeid som har gjort at Tromsø hevdar å vera den byen i verda som har sendt flest helsearbeidarar til Palestina. For dette arbeidet har han motteke fleire æresbevisningar, blant anna The Power of Humanitarity Award 2000 frå det palestinske Raude halvmåne.
Sidan han drog ut i teneste som solidaritetslege, første gong i 1981 – den gongen til Beirut – har Gilbert rykt ut for å hjelpa krigsskadde i blant anna Angola, Kurdistan, Afghanistan, Burma, Kambodsja og Gaza. I 2000 skildra han i eit Dagbladet-intervju arbeidde sitt i krigssona på følgjande måte: «Det er arbeid som gjør at jeg føler meg intenst til stede i livet». Han skildra det vidare som meir meningsfullt enn dop og at det var verd omkostningene.«Uvêrdoktoren».
Gilbert har jobba mykje med å utdanna lokale helsearbeidarar i krigsområde. Særleg har det vore viktig med opplæring i akutthjelp for mineskadde, noko han (saman med blant annan kollegaen Hans Husum) har drive med i Afghanistan, Burma, Kambodsja, Kurdistan, Angola og Nepal. Dei har skrive læreboka «Save Lives, Save Limbs. Life Support for Victims of Mines Wars and Accidents», som er omsett til fem språk. Mineskadearbeidet vert organisert gjennom Tromsø mineskadesenter (under UNN) og Trauma Care Foundation.
I 1999 vart Gilbert og Hans Husum tildelt Lærdals ærespris innan akuttmedisin. Prisen vert delt ut av Universitetet i Oslo.
Gaza januar 2009 Nyttårskvelden 2008 reiste Gilbert til Gaza saman med kollegaen sin Erik Fosse for å bistå på sjukehusa i det krigsramma området etter Israels angrep på og invasjon av Gaza.«Katastrofale forhold». Begge to fekk betydeleg internasjonal medieomtale fordi utanlandske journalistar og solidaritetsarbeidarar i lang tid hadde vorte nekta tilgjenge til Gazastripa. Dei norske legene var dermed blant dei einaste ikkje-arabiske som kunne rapportera ut, og dei vart mykje brukt som kjelder av norske og internasjonale medium.
Dei fekk òg publisert ein artikkel i det anerkjende legetidsskriftet The Lancet, «Inside Gaza's Al-Shifa hospital».Artikkel i The Lancet 17. januar 2009 Artikkelen, der dei skildra situasjonen ved Shifa-sjukehuset og karakteriserte situasjonen som eit marerittaktig blodbad, og andre utsegner til media førte til påstandar frå det israelske utenriksdepartementet om at dei ynskte å sverta Israel.«Israel hevder Fosse og Gilbert lyver».
Gilbert tok dagen etter til motmæle og uttalte blant anna at Israels beskyldninger var meiningslause: «De har gjennom bombingen i dag fortalt hva de representerer. Å beskylde oss for løgn blir direkte meningsløst.»TV2.
20. januar kom det kritikk mot Gilbert i den israelske avisa Jerusalem Post, der lobbyisten Tomas Sandell hevda at Gilbert var meir oppteken av å vera nyhendebyrå enn å spara liv. Synne Holand i Norwac, som koordinerte den norske legeinnsatsen i Gaza frå El-Arish i Egypt, meinte kritikken var politisk propaganda.«Gilbert får kritikk».
Det kom òg påstandar om at Gilbert og ein annan tilsett hadde iscenesett ein hjartekompresjon i eit forsøk på å redda livet til ein hardt skadd gut på sjukehuset i Gaza. Tiltaler om at videoen var iscenesett kom blant anna på diverse bloggar på internett. Òg Jan Simonsen, som ved siste stortingsval var kandidat for Demokratane, tok del i kritikken og skreiv blant anna at «vi ser Mads Gilbert i noe som skal forestille en intensivavdeling» og «gutten ser ikke skadet ut». CNN bad likevel to uavhengige akuttmedisinere vurdera det som føregjekk på videoen, og dei konkluderte med at handsaminga som vart gjeve var heilt etter boka.«Gilbert renvasket av CNN».«Gilbert: deltok i svindelfilm?
Gilbert hevda like etter heimkomsten at han og Fosse øydela Israel sin PR-plan. Dei var blant ytst få som rapporterte til vestlege medium inne frå Gaza. Israel nekta alle journalistar innreise til Gaza heilt frå krigen starta.«Vi er ingen helter».
Dei to legane vart like etter heimkomsten i januar oppringt og takka for innsatsen sin i Gaza av statsminister Jens Stoltenberg. Samstundes uttalte utanriksminister Jonas Gahr Støre at Gilbert og Fosse hadde fylt mandatet sitt som helsearbeidarar på beste måte.«Jens og Jonas takkar legene». Dei to fekk nærast ein heltestatus for innsatsen sin i krigsområdet, og på nettsamfunnet Facebook fekk Gilbert sin eigen fanklubb.«Dei norske stemmene frå Gaza». Gilbert og Fosse har følgt opp informasjonsarbeidet sitt med omfattande foredragsverksemd i 2009 og 2010, nasjonalt og internasjonalt.
I september vart boka Øyne i GazaMads Gilbert og Erik Fosse utgjeve på Gyldendal forlag. Boka har vakt betydeleg interesse, og er seinare omsett til svensk, finsk, engelsk og arabisk, medan italiensk og tyrkisk utgåve er under produksjon.Årets viktigaste bok? I november 2010 vart boka utgjeve i norsk pocketutgåve, med eit oppdatert ekstrakapittel.
I februar 2009 vart Fosse og Gilbert tildelt Fritt Ords honnørpris med grunngjevinga: «eineståande augevitneskildringer av sivilfolkesetnaden sine lidingar under bombingen av Gaza».«Gilbert og Fosse får Fritt Ords Honnør».
Politikar, aktivist og samfunnsdebattant Gilbert er medlem av Raudt, tidlegare Raud Valallianse, og han har blant anna representert partiet i Troms fylkesting i tre periodar (1979–87 og 1995–99). Ved stortingsvalet i 2009 stod han på sisteplass på Raudt sitt Troms-liste.
I 2001 var han ein sentral person i motstanden mot sjukehusreforma, då sjukehusa vart overført frå fylka til staten. Han var seinare med å starta aksjonsgruppa «Ja til kysten, nei til OL», som arbeidde for at Tromsø ikkje skulle søkja om å få arrangera vinter-OL i 2014 eller 2018.09.01.2004
Palestina og Israel I eit intervju med Adresseavisa i 2009 skildra Gilbert seg som ein israelvenn inntil 1967. Dette året melde han seg til kibbutz-teneste under seksdagerskrigen. Krigen vart innleidd med at Israel 5. juni 1967 angrep dei tilgrensande araberstatene etter ein blokade. Heile Sinaihalvøya, Gaza og Vestbredden vart okkupert. Gilbert møtte då på den israelske ambassaden i Oslo og melde seg som friviljug. Han såg den gongen på Israel som eit tappert, lite land – «omgitt av svartsmuskede arabere». «Vi skulle avløse de på kibbutz som skulle ut og slåss. En venninne av søsteren mi, Ebba Wergeland, sentral i Palestinakomiteen, ringte meg og sa at "jeg tror vi to må ha en samtale".» Gilbert fortel vidare at då han vart fortalt kva som skjedde i Palestina, skjønte han at han ikkje hadde forstått nokon ting. Han skreiv deretter eit brev til ambassaden om at han ikkje ynskte å delta på kibbutz. Eit år etterpå fekk han eit brev frå ambassaden, der det stod at det var planta eit tre i Israel med namnet hans på, inngravert i metallplate. «Det var som takk for at jeg hadde meldt meg som frivillig.»
Han vart etter dette aktiv i Palestinakomiteen og i arbeidet med å senda grupper av helsearbeidarar til palestinske område. Han var med på å oppretta hjelpeorganisasjonen Norwegian Aid Committee, Norwac, etter Israels invasjon av Libanon i 1982.«De norske stemmene fra Gaza». Han har vore ein sterk kritikar av Israels politikk ovafor palestinerne, og han har hevda at Israel og USA har brote folkeretten på Gazastripen og i Libanon.13.10.2006 Denne kritikken vart forsterka etter hendingane i Gaza i januar 2009, og ved markeringane rundt ettårsdagen for invasjonen kritiserte han verdssamfunnet og Noreg for å ikkje gjera nok for å få brote Israels blokade av Gaza.«– Uforståelig at blokaden kan fortsette».
Angrepet på World Trade Center Gilbert vakte ei viss oppsikt i Noreg då han tre veker etter angrepet på World Trade Center i USA i september 2001 uttalte: «Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere.» På direkte spurnad om han støtta terrorangrep på USA, svara Gilbert: «Terror er et dårlig våpen, men svaret er ja, innenfor den konteksten jeg har nevnt.»30.09.2001
I samband med Gaza-krigen i januar 2009, vart utsegna henta fram att, blant anna av israelske NGO MonitorNGO Monitor og ulike massemedium.Jennifer LawinskiClemens Wergin Gilbert sa då at 2001-utsegna var «uklok og uoverveid», og utdjupa: «Men det som er viktig, er at vi må gå bak, og forstå hva som gjør at våpnene blir brukt slik de blir brukt. Vi må forstå hva økende forskjeller mellom fattig og rik fører til. Hva økt brutalisering og undertrykking fører til. Jeg prøvde å være analytisk, men uttalelsen ble uklok. Jeg er helt imot terror mot sivile».Dagbladet.no «- Uklok uttalelse»
Tampa-saka I september 2001 avlyste Gilbert eit foredrag på ein legekongress i Australia. Han skulle etter planen snakka om helsetenester i utkantstrøk og blant minoritetsfolkesetnader, men valde saman med kollegaen sin Lars Bjertnæs å avlysa det heile som ein protest mot handteringa til australske styresmakter av «Tampa-saka». Gilbert uttalte at det handla om å markera eit standpunkt i ei sak der det vart «spelt svarteper og russisk rulett» med liva til 400 menneske.«Professor-boikott av Australia».
Politisk bakgrunn