Punghare eller pungkanin er ei gruppe australske pungdyr som i dag berre har ein attlevande art, stor punghare. Liten punghare blei utrydda på 1950-talet. Taksonomisk er pungharar klassifiserte i slekta Macrotis i familien Thylacomyidae. Stor punghare er den einaste nolevande arten i denne gruppa. Punggrevlingar er nolevande dyr med nokså nær slektskap og likskap. På engelsk blir pungharen kalla bilby, eit lånord frå aboriginarspråket gamilaraay som også er kjend på wiradjuri.

Pungharar har lange bakbein og korte frambein. Øyro er ekstra lange. Halen er lang med ein dusk i enden. Pelsen er mjuk og silkeaktig.

Dyra finst i ørkenstrøk, der dei lever i gangar i jorda, 1–2 m under overflata.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pungdyr