Mr. Big var eit samlealbum av Little Richard som kom ut i 1971. Det vart gjeve ut midt i Reprise Records-tida hans og var ei samling av innspelingar han hadde gjort midt på 1960-talet for Vee Jay Records. I Storbritannia kom albumet ut på etiketten Joy, og det vert inkludert i albumkronologien hans fordi ingen av songane var gjevne ut på album tidlegare. Eit seinare album med både det same namnet og omslaget, vart gjeve ut i USA i 1974 med anna innhald.

Historie Richard spelte inn nesten femti songar for Vee-Jay Records i 1964/1965. Då selskapet gjekk konkurs vart fleire av desse songane først gjevne ut i 1970-åra.

Alternative Mr. Big Tre år etter dette albumet kom ut vart eit album for den amerikanske marknaden gjeve ut med same namn, men med anna innhald. Det andre Mr. Big-albumet brukte òg det same omslaget, men vert ikkje rekna med i albumkronologien fordi det berre inneheld songar som var gjevne ut før. Innhaldet på den utgåva var Send Me Some Lovin'/Hound Dog/Whole Lotta Shakin' Goin' On/The Girl Can't Help It/Crossover/It Ain't What Ya Do/Everytime I Think About You/Dancin' All Around The World/Going Home Tomorrow/Money Honey/Ooh My Soul.

Innhald

Medverkande spor 1,3-5 Little Richard – vokal, piano

Resten av musikarane er ikkje identifiserte.

Medverkande spor 2,7 og 9 Little Richard – vokal, piano Clyde Johnson - saksofon William Green - saksofon Buddy Collette - saksofon Earl Palmer - trommer

Resten av musikarane er ikkje identifiserte.

Medverkande spor 6, 8 og 10 Little Richard – vokal, piano Jimi Hendrix - gitar Don Covay - harmonivokal Bernard Purdie - trommer Ronny Miller - bass Billy Preston - orgel Resten av musikarne er ikkje identifiserte.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mr. Big (Little Richard album)» frå , den 23. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Little Richard-album Kategori:Reprise Records-album