«I Like It Like That» er ein song av Chris Kenner og Allen Toussaint,«I Like It Like That,» BMI Repertoire først spelt inn av Kenner, som nådde andreplassen med songen på Billboard Hot 100 i 1961.Denne versjonen nådde òg andreplassen på R&B-lista.

Songen vart spelt inn av Dave Clark Five i 1965. Versjonen deira nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. The Nashville Teens spelte inn songen som B-sida til hitsingelen «Tobacco Road» (1964). Songen er òg blitt spelt av Kingsmen i 1965 på albumet deira The Kingmen on Campus, Brinsley Schwarz i 1972 på albumet deira Nervous on the Road og Loggins and Messina i 1975 på albumet deira So Fine.

Songen vart nytta i Stanley Kubrick-filmen Full Metal Jacket i 1987.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Like It Like That (Chris Kenner song)» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Epic Records-singlar Kategori:The Dave Clark Five-songar Kategori:The Kingsmen-songar Kategori:Loggins and Messina-songar