mini|300px|Kart over fylka frå 1. januar 2020 til 31. desember 2023. mini|300px|Kart over fylka fram til 1. januar 2017.
Regionreforma i Noreg er ei reform av fylkesstrukturen i Noreg, der 19 fylke blei erstatta av 11 større regionar. Reforma var eit av dei politiske prosjekta til Regjeringa Solberg, som pågjekk parallelt med kommunereforma i Noreg.
Fylka Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland heldt fram uendra. Trøndelag blei oppretta 1. januar 2018 ved å slå saman Sør- og Nord-Trøndelag.
Seks nye fylke blei oppretta med verknad frå 1. januar 2020:Regjeringen vil ha om lag 10 regioner, Stortinget, pressemelding, 5. april 2016
Viken (femnde Buskerud, Akershus og Østfold) Innlandet (femnde Oppland og Hedmark) Vestfold og Telemark (femnde Vestfold og Telemark) Agder (femnde Vest- og Aust-Agder) Vestland (femnde Sogn og Fjordane og Hordaland) Troms og Finnmark (femnde Troms og Finnmark).
Stortingsvedtak Ei stortingsmelding som definerte talet på regionar og spesifiserte rolla, strukturen og oppgåvene deira blei lagt fram 5. april 2016.Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2016 Ei tilhøyrande innstilling blei lagt fram 2. juni 2016,Innst. 377 S (2015–2016) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2. juni 2016 og blei vedteken av Stortinget den 8. juni 2016 med 89 mot 9 stemmer.Stortinget - Møte onsdag den 8. juni 2016 kl. 10 Sak nr. 8 {14:26:10} Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver. Meld. St. 22 (2015–2016); Innst. 377 S (2015–2016) Ein stortingsproposisjon blei deretter lagt fram 5. april 2017,Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2017 med ei medfølgjande innstilling den 1. juni 2017. Regionreforma blei endeleg vedteken av Stortinget den 8. juni 2017.
I mai 2018 gjennomførte Finnmark ei folkeavstemming om samanslåing med Troms fylke, der eit fleirtal på 87 % av dei som røysta stemte mot samanslåing (valdeltakinga var på 58 %).
Den 24. september blei Kristeleg Folkeparti og Regjeringa Solberg einige om ein 50-punktsavtale for overføring av oppgåver frå stateg til regionsnivå, og forutsette at fylka om nødvendig, skulle slåast saman med tvang.
Prosessar Det nye Trøndelag fylke blei oppretta gjennom ei sammenslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Den 27. april 2016 møtte dei to fylkestinga opp på Stiklestad. Der vedtok Sør-Trøndelag fylkesting samanslåing av dei to fylka med 41 mot 2 stemmer; Nord-Trøndelag fylkesting gjorde det same med 21 mot 14 stemmer. Samanslåinga av fylka blei einstemmig vedteken av Stortinget den 8. juni 2016, og det nye fylket oppstod 1. januar 2018.
Fylkestinga i Vest-Agder og Aust-Agder vedtok våren 2016 at dei ville innleia forhandlingar om ei samanslåing.Saksfremlegget som startet hele prosessen , regionagder.no Aust-Agder fylkesting vedtok samanslåinga den 13. desember 2016 med 19 mot 16 stemmer.Aust-Agder fylkesting: Flertall for et samlet Agder , 13. desember 2016, Aust-Agder fylkeskommune Fylkestinget i Vest-Agder vedtok samanslåinga den 14. desember 2016 med 17 mot 3 stemmer.Sier klart ja til ett Agder, NRK Sørlandet, 14. desember 2015
Den 15. september 2016 gjorde Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om samanslåing til ein ny Vestlandsregion.Intensjonsplan for ny Vestlandsregion klar , Rogaland fylkeskommune, 15. september 2016 Sogn og Fjordane fylkesting vedtok samanslåing den 7. desember med 19 mot 11 stemmer.Sigrid Skjerdal: Her seier fylkespolitikarane ja til Vestlandsregionen, NRK Sogn og Fjordane, 7. desember 2016 Rogaland fylkesting stemte einstemmig nei til samanslåing den 13. desember 2016.Rogaland kan revne etter nei til storregion, NRK Rogaland, 13. desember 2016 Hordaland fylkesting vedtok samanslåing med 41 mot 4 stemmer den 14. desember; fylkestinget vedtok også å starte vidare forhandlinger om samanslåing med Sogn og Fjordane og utbrytarkommunar i Rogaland.Plan B for Vestlandsregionen: Hordaland inviterer delar av Rogaland, NRK Hordaland, 14. desember 2016 Desse kommunane var Haugesund, Vindafjord, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Den 3. november 2016 gjorde dei tre fylka Buskerud, Akershus og Østfold ein intensjonsavtale om samanslåing av dei tre fylka til det nye Viken fylke.Drøyt tre år igjen til Viken erstatter Akershus, Buskerud og Østfold, NRK, 3. november 2016 Østfold fylkesting behandla saka 7. desember.
Stortinget behandla Regionreforma 8. juni 2017 og vedtok følgjande samanslåingar av fylkeskommunar frå 1. januar 2020:Stortinget: Ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå - Voteringsoversikt 8. juni 2017 sak nr. 2 Vest-Agder fylkeskommune og Aust-Agder fylkeskommune. (166 mot 2 stemmer) Buskerud fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og Østfold fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer) Telemark fylkeskommune og Vestfold fylkeskommune. (95 mot 73 stemmer) Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer) Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer) Troms fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
Reversering Regjeringa Støre gjekk inn for at dei nyoppretta fylka etter Regionreforma av 2020 kunne søke om å bli splitta opp. I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitte opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen. Desse fylka blei oppløyste frå 1. januar 2024.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Regionreformen i Noreg» frå , den 19. januar 2019.
Bakgrunnsstoff Fylkessammenslåinger i regionreformen i regjeringen.no
Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2016
Innst. 377 S (2015–2016) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver (PDF), Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2. juni 2016
Stortinget - Møte onsdag den 8. juni 2016 kl. 10 Sak nr. 8 {14:26:10} Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver. Meld. St. 22 (2015–2016); Innst. 377 S (2015–2016)
Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2017
Innst. 385 S (2016-2017) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 1. juni 2017
Stortinget - Møte torsdag den 8. juni 2017. Sak nr. 2 {10:03:17}. Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå (Innst. 385 S (2016-2017), jf. Prop. 84 S (2016-2017))
Voteringsoversikt for sak: Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Innst. 385 S (2016-2017), jf. Prop. 84 S (2016-2017), Referat: Stortinget 08.06.2017. Sak nr. 2
Kategori:Regjeringa Solberg Kategori:Administrative inndelingar i Noreg Kategori:Reformer i Noreg