«Legs» er ein song av bandet ZZ Top frå 1983 på albumet Eliminator. Songen kom ut på singel i 1984 og nådde då åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Dance mix-versjonen av songen nådde 13. plassen på dance-lista i USA.

Alle dei tre medlemmane av ZZ Top står oppført som musikarar på innspelinga, men det var i røynda berre Gibbons som spelte. Lydteknikaren Terry Manning stod for resten av musikken utanom sologitaren.

Singelmiksen av «Legs» er meir synthesizer-driven enn albumversjonen. Sjølv om ein kan høyre synthesizeren på albumversjonen òg, er han tona ned.

Musikkvideo Musikkvideoen til «Legs» var den tredje og siste i Eliminator-serien av videoar der bandet nytta Ford-modellen frå 1933, og «Eliminator-jenter». Alle dei tre musikkvideoane var regisserte av Tim Newman. Videoen vann MTV-prisen for årets beste gruppevideo i 1984. Dette var det første året prisen vart gjeven ut.

Andre versjonar Nickelback spelte inn songen i 2011 på ZZ Top: A Tribute from Friends Tina Turner spelte songen på konsertane sine og ein versjon kom ut på The Collected Recordings – Sixties to Nineties. Trace Adkins spelte sin versjon av songen i 2002 på albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top. Kid Rock spelte inn songen i 2002 på albumet WWF Forceable Entry.

Salslister

Vekeslister Liste (1984–1985)PlasseringAustralia (Kent Music Report)6US Billboard Hot 1008US Billboard Hot Dance Club Play13US Cash Box. Cash Box.11

Årslister Liste (1984)PlasseringAustralia (Kent Music Report)42Canada (RPM Top Singles)74US Billboard Hot 10060US Cash Box. Cash Box.72

Medverkande Billy Gibbons – gitar, solovokal Dusty Hill – bass, klaverinstrument , korvokal Frank Beard – trommer, perkusjon Terry Manning – lydteknikar, miks, programmering Linden Hudson – før-produksjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Legs (song)» frå , den 1. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:ZZ Top-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Gibbons Kategori:Songar skrivne av Dusty Hill Kategori:Songar skrivne av Frank Beard Kategori:USA-amerikanske synthpop-songar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Nickelback-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Kid Rock-songar