Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.
Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.
Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.
Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.
Noreg i Eurovision Song Contest
Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La det swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.
Deltaking mini|400px|Deltaking sidan 1956:
For å kunne delta må landet vere aktiv medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet eller er medlem i Europarådet.
Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:
«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breiddegraden 30° nord og inkluderer den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinsar Middelhavet innanfor desse grensene. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei overnemnte grensene inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».ST61 Agreement, revised Geneva 2006 , Den internasjonale teleunionen.
Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.
Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan. I 2015 fekk Australia i Oseania for første gong vere med i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde og ikkje er aktiv medlem i Den europeiske kringkastingsunionen. Australia har delteke i ESC kvart år sidan.
52 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta. I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.
År Land som debuterte i tevlinga 1956 , , , , , , 1957 , , 1958 1959 1960 1961 , , 1964 1965 1971 1973 1974 1975 1980 1981 1986 1993 , , 1994 , , , , , , 1998 2000 2003 2004 , , , 2005 , 2006 2007 , , , 2008 , 2015
Vertskap
Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.
Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.
Vinnarar mini|Vinnarar.
År Vertsby Vinnarland Artist Vinnarsong Språk 1956 Lys Assia «Refrain» Fransk 1957 Corry Brokken «Net als toen» Nederlandsk 1958 André Claveau «Dors mon amour» Fransk 1959 Teddy Scholten «Een beetje» Nederlandsk 1960 Jacqueline Boyer «Tom Pilibi» Fransk 1961 Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» Fransk 1962 Isabelle Aubret «Un premier amour» Fransk 1963 Grethe og Jørgen Ingmann «Dansevise» Dansk 1964 Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk 1965 France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 1966 Udo Jürgens «Merci Chérie» Tysk 1967 Sandy Shaw «Puppet on a String» Engelsk 1968 Massiel «La, la, la» Spansk 1969 Salomé «Vivo cantando» Spansk Frida Boccara «Un jour, un enfant» Fransk Lennie Kuhr «De troubador» Nederlandsk Lulu «Boom Bang a Bang» Engelsk 1970 Dana «All Kinds of Everything» Engelsk 1971 Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk 1972 Vicky Leandros «Apres toi» Fransk 1973 Anne-Marie David «Tu te reconnaitras» Fransk 1974 ABBA «Waterloo» Engelsk 1975 Teach-In «Ding-a-Dong» Engelsk 1976 Brotherhood of Man «Save Your Kisses For Me» Engelsk 1977 Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» Fransk 1978 Izhar Cohen «A-ba-ni-bi» Hebraisk 1979 Milk and Honey og Gali «Hallelujah» Hebraisk 1980 Johnny Logan «What’s Another Year» Engelsk 1981 Bucks Fizz «Making Your Mind Up» Engelsk 1982 Nicole «Ein bißchen frieden» Tysk 1983 Corinne Hermès «Si la vie est cadeau» Fransk 1984 Herreys «Diggi-Loo Diggi-Ley» Svensk 1985 Bobbysocks «La det swinge» Norsk 1986 Sandra Kim «J'aime la vie» Fransk 1987 Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk 1988 Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk 1989 Riva «Rock Me, Baby» Serbokroatisk 1990 Toto Cutugno «Insieme: 1992» Italiensk 1991 Carola Häggkvist «Fångad av en stormvind» Svensk 1992 Linda Martin «Why Me?» Engelsk 1993 Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk 1994 Paul Harrington og Charlie McGettigan «Rock’n Roll Kids» Engelsk 1995 Secret Garden «Nocturne» Norsk 1996 Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1997 Katrina and The Waves «Love Shine a Light» Engelsk 1998 Dana International «Diva» Hebraisk 1999 Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» Engelsk 2000 Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» Engelsk 2001 Tanel Padar og Dave Benton «Everybody» Engelsk 2002 Marija Naumova «I Wanna» Engelsk 2003 Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk 2004 Ruslana «Wild Dances» Engelsk og ukrainsk 2005 Élena Paparízou «My Number One» Engelsk 2006 Lordi «Hard Rock Hallelujah» Engelsk 2007 Marija Šerifović «Molitva» Serbisk 2008 Dima Bilan «Believe» Engelsk 2009 Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk 2010 Lena Meyer-Landrut «Satellite» Engelsk 2011 Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 2012 Loreen «Euphoria» Engelsk 2013 Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk 2014 Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» Engelsk 2015 Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk 2016 Jamala «1944» Engelsk og krimtatarisk 2017 Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk 2018 Netta Barzilai «Toy» Engelsk 2019 Duncan Laurence «Arcade» Engelsk colspan="4" 2021 Måneskin «Zitti e buoni» Italiensk 2022 Kalush Orchestra «Stefanija» Ukrainsk 2023 Loreen «Tattoo» Engelsk 2024 Nemo «The Code» Engelsk 2025 JJ «Wasted Love» Engelsk 2026 Dara «Bangaranga» Engelsk
Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest NRKs nettside om Eurosong Den norske grandprixklubben Eurovision Song Contest - Historikk Fransk nettside om Grand Prix d'Eurovision Eurovision Song Contest
Kategori:Den europeiske kringkastingsunionen Kategori:Europeiske musikktevlingar Kategori:Skipingar i 1956