MF «Rosendal» var ei bilferge bygd i 1975 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) som MF «Stryn». Dei første ni åra gjekk ho i indre Sognefjorden i sambandet Kaupanger-Revsnes(-Årdalstangen. I 1984 vart ho flytta utover i Sognefjorden til sambandet Dragsvik-Vangsnes, der ho gjekk fram til 1993.
Ferja vart då kjøpt av A/S Bergen-Nordhordland Rutelag og omdøypt «Seimstrand». Ho gjekk då i rute over Fensfjorden i sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik. I oktober 1998 vart ho kjøpt av HSD og omdøypt «Rosendal». Ho gjekk då i ruter i Sunnhordland. Den 27. juli 2010 grunnstøtte ferja ved Gjermundshavn på grunn av ein teknisk svikt i manøversystemet. Ingen personar vart skadd i ulukka.
I 2011 vart ferja kjøpt av Torghatten Nord og byrja å gå i ruta Forøy-Ågskardet
mini|venstre|«Rosendal» i rute 2 ved kai i Gjermundshavn, Kvinnherad mars 2002. Foto av Harald Sætre.
Ferjesamband 1975 - 1984: Kaupanger-Revsnes(-Årdalstangen 1984 - 1993: Dragsvik-Vangsnes (òg: Dragsvik-Hella og Hella-Vangsnes) 1993 - 1998: Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik 1998 - ? : Skjersholmane-Utbjoa kring 2001 - august 2010: Løfallstrand-Varaldsøy-Gjermundshamn August 2010 - desember 2010: Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes 2011 - ?: Forøy-Ågskardet
Kjelder Den tyske nettstaden Fjordfähren in Norwegen
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Torghatten Nord-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1975 Kategori:Skip bygde ved Mjellem & Karlsen Kategori:1975 i Noreg