Kuçovë er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kuçovë vart slått saman med landkommunane Kozare, Perondi og Lumas. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kuçovë.

Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Kuçovë ein del av distriktet Kuçovë saman med landkommunane Kozare og Perondi, medan landkommunen Lumas høyrde til distriktet Berat. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Kuçovë.

Folketal

Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Lumas 3 981 3 476 Kozare 5 622 5 775 Kuçovë 12 654 12 629 Perondi 9 005 9 197 Kommunen Kuçovë 31 262 31 077

Referansar

Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Berat Kategori:Busetnader i regionen Berat Kategori:Kommunaleiningar i regionen Berat