Karen Forkel () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvarar frå Wolfen i Sachsen-Anhalt som gjennom 1990-åra høyrde til verdseliten i spydkasting for kvinner. Perioden 1990-94 vann ho to EM-sølv, VM-sølv og OL-bronse i øvinga.

Aktiv Knapt 20 år gammal var Forkel nær ved å verte europameister 1990 i Split. Med eit 67,56 meter langt kast enda ho 12 centimeter kortare enn vinnaren, Päivi Alafrantti frå Finland. I mai 1991 landa spydet på 70,20 m i eit stemne i Halle, Forkels lengste kast med den «gamle» spydtypen. Året etter vann ho bronsemedaljen under Barcelona-OL 1992 med eit bestekast på 66,86 m. Deretter kom Forkel på andreplassen både ved VM 1993 i Stuttgart og i EM 1994 i Helsinki, i begge meisterskapane klart slått av norske Trine Hattestad.

Forkels bestekast med den nye spydtypen målte 65,17 meter og vart oppnådd ved eit stemne i Erfurt i juli 1999. Ho kom ikkje med i den tyske troppa til Sommar-OL 2000 i Sydney og la opp ved sesongslutt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 67,56 m, bakom Päivi Alafrantti (67,68 m) VM 1991 i Tokyo: Nr 12 – 57,90 m OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 66,86 m VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 65,80 m, bakom Trine Hattestad (69,18 m) EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 66,10 m, bakom Trine Hattestad (68,00 m) OL 1996 i Atlanta: Nr 6 – 64,18 m VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (60,70 m=nr 14) VM 1999 i Sevilla: Nr 12 – 54,65 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karen Forkel» frå , den 2. juli 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996