Eduard Hämäläinen () er ein tidlegare mangekjempar fødd i Karaganda i den dåverande sovjetrepublikken Kasakhstan. Han tevla etter tur som representant for Sovjetunionen, Kviterussland og Finland. Hämäläinen vann sølvmedaljen i tikamp i tre verdsmeisterskap i rad og dessutan eitt EM-sølv.
Aktiv Hämäläinen representerte Sovjetunionen då han vart sjuandemann i tikampen ved VM 1991. Året etter kom han på andreplass i det såkalla meistermøtet i Götzis, deretter vann han Götzis-tevlinga både i 1993, 1994 og 1997. Her var det han i 1994 gjorde sin beste tikamp og sanka 8 735 poeng. I 1993 vart Hämäläinen nummer to i verdsmeisterskapen i Stuttgart, ein prestasjon han gjentok i VM 1995 i Göteborg, begge gongane som representant for Kviterussland og slått klart av Dan O’Brien frå USA.
Hämäläinen hadde busett seg i Finland, fødelandet til oldefaren i farslinja, og representerte landet frå 1997. I sin fyrste sesong som finsk utøvar vann han sitt tredje rake VM-sølv, ved det høvet fann han sin overmann i tsjekkiske Tomáš Dvořák. Sommaren 1998 sikra Hämäläinen seg enno ein sølvmedalje, i europameisterskapen i Budapest hamna han bak Erki Nool frå grannelandet Estland.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 7 – 8 233 poeng VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 8 724 poeng, bakom Dan O’Brien (8 817 p) EM 1994 i Helsinki: Braut VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 8 489 poeng, bakom Dan O’Brien (8 695 p) OL 1996 i Atlanta: Nr 5 – 8 613 poeng VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 8 730 poeng, bakom Tomáš Dvořák (8 837 p) EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 8 587 poeng, bakom Erki Nool (8 667 p) VM 2001 i Edmonton: Braut
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eduard Hämäläinen» frå , den 3. juli 2019.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Belarusiske mangekjemparar Kategori:Finske mangekjemparar Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000