Jack Richard Buckner () er ein britisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar, fødd i Wells i Somerset. Han vart europameister på 5000 meter i 1986 og tok året etter VM-bronsen på same distansen.
Aktiv Buckner sette personleg rekord på 1500 meter med 3.35,2 ved DN-galan i Stockholm 1. juni 1986. Med landsmenn som Sebastian Coe, Steve Cram og rutinerte Steve Ovett, alle saman i verdstoppen på distansen, valde Buckner å satse på 5 000 meter som sin distanse. Allereie under samveldeleikane i Edinburgh sist i juli månad vart han andremann på halvmila på tida 13,25,8, klart slått i spurten av nemnde Ovett. Ein månad seinare sprang Buckner sitt livs løp då han, etter ei glitrande spurtrunde vann gullmedaljen i europameisterskapen 1986 på tida 13.10,1, ei tid han aldri sidan makta forbetre.
Under verdsmeisterskapen i Roma i 1987 vann Buckner bronsen på 5 000 meter, like bak portugisiske Domingos Castro, ingen av dei to klarte å fylgje temposterke Saïd Aouita frå Marokko på oppløpet. Etter 1988 var Buckner plaga med skade. Han deltok i Sommar-OL 1992 der eit fall i forsøksløpet hindra han å nå finalen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 13.10,1, framom Stefano Mei (13.11,5) VM 1987 i Roma: Bronsemedalje – 13.27,7 OL 1988 i Seoul: Nr 6 – 13.23,8 OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (13.37,1=nr 17)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jack Buckner» frå , den 1. september 2019.
World Athletics
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992