DS «Castor» (kallesignal MFNV) var eit dampskip bygt i 1909 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie Skipet vart bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad og kosta 309 758 kr då det vart levert i juni 1909. Skipet gjekk i godsruta til Hamburg. 10. januar 1915 var skipet på veg frå Stavanger til Hamburg då det kom inn i eit minefelt ved Lister Tief nær Helgoland. Skipet gjekk på ei mine og éin fyrbøtar omkom. Besetninga vart berga av den tyske jagaren V 28. Skipet dreiv så på ei anna mine og sokk. Dette var det første krigsforliset for Bergenske.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 313 bruttoregistertonn og 788 nettoregistertonn og lasteevna var 1 678 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 261 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 850 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.
I 1909 var det rom til 20 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 16 på 3. plass. I 1912 var det 10 eller 16 passasjerar på 1. plass og 16 på 3. plass.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Fevigs Jernskibsbyggeri Kategori:Skip frå 1909 Kategori:Krigsforlis i 1915 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Forlis i Tyskland Kategori:Skip søkkte av miner