Ananias Christopher Hansen Dekke () var ein norsk skipskonstruktør, i si tid den viktigaste byggjaren av treskip i landet.

Som ung lærte han å måla og som far sin, å baka. Han gjekk ved Bergen katedralskole 1844, men i 1848 byrja han ved Brunchorst & Bredal, eit skipsverft ått av familien Brunchorst sidan skipinga i 1784 (sjå Verftet i Bergen. Dekke gjekk i 1852 eitt år i lære hos McKay i Boston. Han gifta seg i 1864 med Rebekka Arloug Stoltz som han fekk åtte barn med. Dei budde i Kalfarveien 53.

Attende i Bergen kjøpte han halve verftet og dreiv det under namnet Brunchorst & Dekke fram til han døydde i 1892. Dei bygde 41 seglskip og 14 dampskip og dokken heitte Dekkedokken eller Dikkedokken. Enkja og sønene overtok.

Dekke sat i bystyret 1859-72, 1877-92 og formannskapet 1865-69, og var suppleant til Stortinget 1880-82. Ananias Dekke var morfar til skipsreiar Erling Dekke Næss og filosofen Arne Næss. Den store kunstsamlinga til Dekke vart seld til Rasmus Meyer i 1905.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ananias Dekke» frå , den 8. mai 2020.

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Norske kunstsamlarar