Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i 1964 og har delteke 53 gongar. Portugal var frå 2006 til 2017 det landet som hadde delteke flest gongar utan å vinne, og fram til 2017 var den beste plasseringa til Portugal ein sjetteplass. I 2017 lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Portugal arrangerte difor Eurovision Song Contest i 2018. Portugal har komme sist fire gongar: i debutåret 1964, i 1974, i 1997 og på heimebane i 2018. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Portugal kvalifisert seg til finalen 7 av 16 gongar.

Historikk Det er den portugisiske statskringkastaren RTP som sender Eurovision Song Contest i Portugal, og som vel det portugisiske bidraget til tevlinga. Bidraga til Portugal har alltid vorte valde gjennom den årlege portugisiske songtevlinga Festival da Canção – tilsvarande norske Melodi Grand Prix.

Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i København i 1964, men fekk ein tøff start då dei hamna heilt sist utan å få nokon poeng. Også resten av 1960-åra baud på låge plasseringar, og i 1970 valde RTP å stå over tevlinga.

Lang veg til siger Dei neste ti åra vart langt bedre resultatmessig, og fem gongar kom Portugal på topp ti. Sjuandeplassane i 1972 og 1980 var dei beste plasseringane til Portugal heilt fram til 1996, då Lúcia Moniz song Portugal til ein sjetteplass med «O meu coração não tem cor». Songen fekk 12 poeng blant anna frå den norske juryen, og sjetteplassen var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest fram til 2017. Suksessen bana veg for ein vidare song- og skodespelarkarriere for Moniz, både i og utanfor Portugal. Blant anna spela ho den portugisiske hushjelpa Aurélia i juleklassikaren Love Actually.

Etter 2000 har Portugal hatt liten suksess i tevlinga. I 2008 vart Vânia Fernandes nummer 13 av 25 i finalen, den beste plasseringa til Portugal på ti år. Sidan EBU innførte semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, har Portugal berre kvalifisert seg til finalen fem av tretten gongar. I 2017, på sitt 49. forsøk, lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Poengsummen Sobral fekk i finalen, 758 poeng, er den høgaste poengsummen som har blitt oppnådd i Eurovision Song Contest nokosinne.

Fråvær Sidan debuten i 1964 har Portugal stått over tevlinga ved fem anledningar. Fyrste gongen var i 1970, då Portugal saman med Austerrike, Finland, Noreg og Sverige boikotta tevlinga i protest mot tevlingsreglane og det at fire land hadde delt sigeren året før.

Neste fråvær kom i 2000, då Portugal måtte stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2002, 2013 og 2016 valde RTP frivillig å stå utanfor tevlinga. Fråværet i 2002 gav plass til Latvia, som etter kvart enda opp med å vinne tevlinga det året.

Songen som «velta» eit diktatur Då Portugal debuterte i Eurovision Song Contest, var landet framleis eit autoritært regime under leiing av den diktatoriske statsministaren António de Oliveira Salazar. Også nabolandet Spania var i praksis eit diktatur, og presse og dei som kjempa for demokrati reagerte på at dei to landa fekk deltake i tevlinga. Under finalen i 1964, storma ein mann scena med ein plakat der det stod «boikott Franco og Salazar», ein protest mot dei fascistiske statssjefane i Spania og Portugal. Mannen vart eskortert bort frå scena, og fjernsynssjåarane vart vist eit bilete av resultattavla medan dette arbeidet pågjekk. Hendinga påverka likevel ikkje framsyninga av det portugisiske bidraget, då hendinga skjedde i pausen mellom det sveitsiske og det belgiske bidraget.

Ti år etter fekk bidraget til Portugal på ny ein politisk skugge over seg. Trass den delte sisteplassen vart songen «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho, ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal. «E depois do adeus» vart nytta som eitt av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen vart spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å forberede kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa.

Songen «Grândola, Vila Morena», spela av den bannlyste folkemusikaren Zeca Afonso, vart spelt på radio halvannan time seinare. Denne songen var eit signal om at kuppet var i gang, og at kuppmakkarane hadde begynt å take kontroll over strategiske institusjonar i landet. I løpet av eit døgn lykkast det kuppmakkarane å velte diktaturet, og Portugal kunne starte overgangen til demokrati. I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattaren John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3 Hendinga vart markert med ein eigen kortfilm under den andre semifinalen i 2018, då Portugal arrangerte tevlinga.

Bidrag År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1964 António Calvário «Oração»Portugisisk 0 13 rowspan="31" colspan ="2" data-sort-value="99999" 1965 «Sol de inverno»Portugisisk 1 13 1966 «Ele e ela»Portugisisk 6 13 1967 «O vento mudou»Portugisisk 3 12 1968 «Verão»Portugisisk 5 11 1969 «Desfolhada portuguesa»Portugisisk 4 15 1971 «Menina do alto da serra»Portugisisk 83 9 1972 «A festa da vida»Portugisisk 90 7 1973 «Tourada»Portugisisk 80 10 1974 Paulo de Carvalho «E depois do adeus»Portugisisk 3 14 1975 «Madrugada»Portugisisk 16 16 1976 «Uma flor de verde pinho»Portugisisk 24 12 1977 «Portugal no coração»Portugisisk 18 14 1978 «Dai li dou»Portugisisk 5 17 1979 «Sobe, sobe, balão sobe»Portugisisk 64 9 1980 «Um grande, grande amor»Portugisisk 71 7 1981 «Playback»Portugisisk 9 18 1982 «Bem bom»Portugisisk 32 13 1983 «Esta balada que te dou»Portugisisk 33 13 1984 «Silêncio e tanta gente»Portugisisk 38 11 1985 «Penso em ti, eu sei»Portugisisk 9 18 1986 «Não sejas mau para mim»Portugisisk 28 14 1987 «Neste barco à vela»Portugisisk 15 18 1988 «Voltarei»Portugisisk 5 18 1989 «Conquistador»Portugisisk 39 16 1990 «Há sempre alguém»Portugisisk 9 20 1991 «Lusitana paixão»Portugisisk 62 8 1992 «Amor d'água fresca»Portugisisk 26 17 1993 «A cidade (até ser dia)»Portugisisk 60 10 1994 «Chamar a música»Portugisisk 73 8 1995 «Baunilha e chocolate»Portugisisk 5 21 1996 Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor»Portugisisk 92 6 32 18 1997 «Antes do adeus»Portugisisk 0 24 rowspan="5" colspan="2" data-sort-value="99999" 1998 «Se eu te pudesse abraçar»Portugisisk 36 12 1999 «Como tudo começou»Portugisisk 12 21 2001 «Só sei ser feliz assim»Portugisisk 18 17 2003 «Deixa-me sonhar (só mais uma vez)»Portugisisk og engelsk 13 22 2004 «Foi magia»Portugisisk colspan="2" rowspan="4" 38 15 2005 «Amar»Portugisisk og engelsk 51 17 2006 «Coisas de nada (Gonna Make You Dance)»Portugisisk og engelsk 26 19 2007 «Dança comigo»Portugisisk, fransk og spansk 88 11 2008 Vânia Fernandes «Senhora do mar (Negras águas)»Portugisisk 69 13 1202 2009 «Todas as ruas do amor»Portugisisk 57 15 70 8 2010 Filipa Azevedo «Há dias assim»Portugisisk 43 18 89 4 2011 «A luta é alegria»Portugisisk colspan="2" rowspan="4" 22 18 2012 «Vida minha»Portugisisk 39 13 2014 Suzy «Quero ser tua»Portugisisk 39 11 2015 «Há um mar que nos separa»Portugisisk 19 14 2017 Salvador Sobral «Amar pelos dois»Portugisisk758 13701 2018 «O jardim»Portugisisk3926 colspan="2" 2019 Conan Osíris«Telemóveis»Portugisisk colspan="2" 5115Elisa«Medo de sentir»Portugisisk colspan="4" 2021 The Black Mamba«Love Is on My Side»Engelsk153122394 2022 Maro «Saudade, saudade»Engelsk og portugisisk20792084 2023 Mimicat «Ai coração» Portugisisk5923749 2024 Iolanda «Grito» Portugisisk15210588 2025 Napa «Deslocado» Portugisisk5021569 2026 «» Portugisisk

Røystehistorikk

+ Portugal har gjeve flest poeng til # Land Poeng 1 243 2 231 3 192 4 185 5 162

+ Portugal har fått flest poeng frå # Land Poeng 1 211 2 188 3 149 4 107 5 84

Galleri

Eurovision Song Contest i Portugal ÅrStadArenaProgramleiarar 2018 Lisboa Altice Arena Catarina Furtado, Daniela Ruah, Filomena Cautela og Sílvia Alberto

Sjå òg Portugal i Junior Eurovision Song Contest

Kjelder

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Portugal i Eurovision Song Contest» frå , den 3. september 2020.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Portugisisk musikk