«Passing Strangers» er ein song av Ultravox, gjeven ut som den andre singelen frå albumet Vienna den 15. oktober 1980.

Det er ein kjapp, gitardominert song som minner om John Foxx-perioden i Ultravox. «Passing Strangers» klarte ikkje å følgje opp topp 30-plasseringa på singellista etter «Sleepwalk». Han stoppa på 57. plassen i Storbritannia. Musikkvideoen vart regissert av Russell Mulcahy med Barbie Wilde og Tok frå Tik & Tok i roller.

B-sidene til singelen var to konsertopptak, «Face To Face» og ein coverversjon av Brian Eno-songen «King's Lead Hat».

Innhald 7"-versjonen «Passing Strangers» – 3:48 «Face to Face (Live)» – 6:04

12"-versjonen «Passing Strangers» – 3:48 «Face to Face (Live)» – 6:04 «King's Lead Hat (Live)» – 4:06

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Britiske electronica-songar Kategori:Ultravox-songar Kategori:Songar skrivne av Midge Ure Kategori:Songar skrivne av Warren Cann Kategori:Songar skrivne av Chris Cross Kategori:Songar skrivne av Billy Currie Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Chrysalis Records-singlar