Al-Shatrah (òg kalla Shatrat al-Muntafiq) er ein by sør i Irak, nordaust for Nasiriyah. Det er det administrative senteret i al-Shatrah-distriktet, som er ein del av Dhi Qar guvernement. Al-Shatrah ligg langs Gharrafkanalen og Motorveg 7. 22-23 km mot vest ligg oldtidsbyen Lagash.«31.4114°,46.4072° — 31.4097°,46.1717° : 22.35 km / 13.89 m (great circle distance)» (distance between Ash Shatrah and Lagash) , Movable Type Scripts, accessed 22. februar 2020 I 2009 hadde byen kring 254 000 innbyggjarar.«Iraq City & Town Population» Tageo

Historie Al-Shatrah vart grunnlagd i 1872 under den osmanske tida i Irak då byen var ein del av Basra vilayet. Ikkje lenge etter oppretta byen sterke handelsband til Bagdad og vart eit senter for kornhandel i Sør-Irak. Shatrah vart den viktigaste byen langs Gharrafkanalen og fekk kallenamnet «Vesle Bagdad». Han var det administrative senteret i ein qadaa (underdistrikt) med same namn, som var ein del av Muntafiq sanjak i Basra vilayet. Det offisielle namnet på byen var opphavleg «Shatrat al-Muntafiq», men det vart forenkla av lokale innbyggjarar til «al-Shatrah» for å skilje han frå den nærliggande byen Qal'at Salih, som offisielt vart kalla «Shatrat al-Amarah» av osmanske styresmakter.

Sommaren 1889 opplevde al-Shatrah eit kolerautbrot og kring 700 av innbyggjarane mista livet, mellom andre qaimaqam-en (løytnant-guvernøren) i byen. Før utbrotet hadde byen kring 5 000 innbyggjarar, men al-Shatrah vart i stor grad mellombels fråflytta etter utbrotet.

Al-Shatrah var ei høgborg for al-Muntafiq-stamma, som dominerte Sør-Irak under osmanarane. Tidleg på 1900-talet vart byen rekna som maktsenteret til stamma. Han hadde då kring 4 000 innbyggjarar, som nesten alle var sjiamuslimske arabarar, i tillegg til små samfunn av jødar og mandearar. Marknaden hadde nesten 300 butikkar. Det jødiske samfunnet hadde ein eigen grunnskule i landsbyen.

Irakkrigen Under invasjonen av Irak i 2003 vart lika til amerikanske soldatar slepte gjennom gatene i al-Shatrah og hengde opp på bytorget.Baker, Peter and Sheridan, Mary Beth (14. april 2003) «Marines Rescue Seven U.S. Prisoners; Iraqis Alert Unit Bound For Tikrit» The Washington Post s. A-1Wright, Evan (2004) Generation Kill: Devil Dogs, Iceman, Captain America, and the New Face of American War G.P. Putnam's Sons, New York, s. 228,

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Shatrah» frå , den 27. februar 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Distriktshovudstader i Irak Kategori:Busetnader grunnlagde i 1872 Kategori:Busetnader i Dhi Qar guvernement