Jan Kudlička () er ein tsjekkisk tidlegare stavhoppar frå Opava. Han vann EM-bronse i 2014 og EM-sølv i 2016.
Aktiv Kudlička sette personbeste med 5,70 meter i 2008-sesongen og dermed billett til Sommar-OL i Beijing, der han vart nummer ni med 5,45 meter. Frå 2010 til 2013 kvalifiserte han seg til stavhopp-finalen i alle dei store internasjonale meisterskapane, utan han makta melde seg på i medaljestrid. I hall-VM 2014 i Sopot i Polen vart Kudlička tredjemann med personleg rekord på 5,80 m, slått av greske Konstandinos Filippidis og tyske Malte Mohr.
Under europameisterskapen 2014 i Zürich stoppa Kudlička på 5,70 m, men kom på delt bronseplass. Den 22. juni 2016 sette han tsjekkisk rekord med 5,83 meter ved eit stemne i Praha. To veker seinare sikra han seg sølvmedaljen ved EM i Amsterdam. Under vanskelege tilhøve hoppa han 5,60 m, like høgt som vinnaren Robert Sobera frå Polen. Mindre enn seks veker etter EM, svinga Kudlička seg over 5,75 m i OL-finalen i Rio de Janeiro og delte fjerdeplassen med polske Piotr Lisek.
Kudlička har ni gongar vorte tsjekkisk meister i stavhopp: 2008, 2010–14, 2017, 2019 og 2020.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Nr 9 – 5,45 m VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (5,40 m=nr 22) EM 2010 i Barcelona: Nr 10 – 5,60 m VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 5,65 m EM 2012 i Helsinki: Nr 6 – 5,60 m OL 2012 i London: Nr 8 – 5,65 m VM 2013 i Moskva: Nr 7 – 5,75 m EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 5,70 m VM 2015 i Beijing: Nr 13 – 5,50 m EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 5,60 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 5,75 m VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (5,45 m=nr 18) EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (5,36 m=nr 25)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jan Kudlicka» frå , den 24. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Tsjekkiske stavhopparar Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016