Fiskeørner (Pandion) er ei slekt av haukefuglar med ein eller to nolevande artar, avhengig av taksonomisk standpunkt. IOC World Bird List lista tidlegare to fiskeørnartar, men etter 2022 som andre autoritetar, berre ein art, fiskeørn. Pandion er einaste slekta i fiskeørnfamilien, Pandionidae. Fiskeørner har ei kosmopolitisk utbreiing, dei lever på alle kontinent unntatt Antarktis.

Det vitskaplege namnet Pandion er frå gresk mytologi. Athen hadde to kongar med namnet Pandion, ein av desse fekk eit born som blei omskapt til ein hauk.

Skildring Fiskeørner er mellomstore haukefuglar, ca. 52 til 60 centimeter i kroppslengd, der hoer er monaleg større enn hannar. Karakteristisk for utsjånaden er den nær kvite undersida av kropp og venger synleg i flukt. Dei er meistrar i å stupe etter og gripe fisk med beina som sym grunt under vassoverflata.

Slekta skil seg frå rovfuglslekter av haukefuglar på ei rekke punkt. Til dømes viser beina slåande ulikskapar, generelt er fiskeørnføter store. Tærne er omtrent like lange, hos fiskeørner kan den ytre tåa peike framover eller bakover (reversibel). Byttedyret blir gripe med to tær framover og to bakover, nett som hos ugler. Klørne er lange, spisse og runde i tverrsnitt. Tærne har ei ru underside som gjer det mogleg å halde godt på glatte fiskar.

Arten fiskeørn, Pandion haliaetus, (Linnaeus, 1758), er ein trekkfugl som hekkar i Nord-Amerika og Eurasia, overvintrar i sør, vesentleg i Sør-Amerika, Afrika sør for Sahara og Sør-Asia. Underarten som studom har vore klassifisert som art er P. h. cristatus, (Vieillot, 1816). Han lever på Ny-Guinea, i Australia og på øyar i sørvestre Stillehavet

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:haukefuglar Kategori:Fugleslekter