Spying Through a Keyhole er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i april 2019. Samlinga består av fire 7"-vinylplater med i alt ni songar framført av Bowie i 1968 i perioden då han skreiv musikk for albumet David Bowie (1969). Alle songane i samlinga er demoinnspelingar i mono.
Bakgrunn Boksen vart annonsert i januar 2019 og kom ut i høve 50-årsjubileet for albumet David Bowie. Tittelen er henta frå ein av dei tidlegare ukjende songane kalla «Love Is All Around». Somme av songane i samlinga («London Bye, Ta-Ta», «In The Heat of the Morning» og «Space Oddity») var gjevne ut før, men ikkje i dette formatet. Ein trur eit kort utdrag frå «Space Oddity» er den første demoinnspelinga av songen Bowie nokon sinne spelte inn. Samlinga inkluderer sjeldne foto av Bowie, inkludert eitt teken i leilegheita til venen (og ofte produsent og musikar) Tony Visconti i 1968. Plateboksen vart gjort tilgjengeleg på strøymetenester som Spotify den 21. juni 2019.
Innspelingsdatoar I følgje platenotata vert det indikert at alle spora, utanom «Space Oddity», var blitt spelt inn mellom januar og februar 1968, like før studioinnspelinga av «In The Heat of The Morning» og «London Bye, Ta-Ta» i mars 1968.David Bowie - Spying Through a Keyhole Liner Notes, 2019, Parlophone Dei to demoane for «Space Oddity» trur ein kanskje vart spelt inn i november, då songen visstnok skal ha blitt skriven.Bowie - Mercury Demos Liner Notes, 2019, Parlophone
Innhald Alle songar skrivne av David Bowie.
Salslister Liste (2019) Plassering Den franske albumlista (SNEP) 118
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Spying Through a Keyhole» frå , den 29. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 2019 Kategori:Parlophone-album