«Little Sheila» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den fjerde og siste singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Han kom ut i Nord-Amerika og Tyskland, og var den einaste singelen som kom ut frå albumet i Nord-AMerika. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter.

Då songen kom ut i april 1985 vart han spelt ein god del på radio. Det vart òg laga ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey, men fekk elles lite marknadsføring frå CBS. Singelen nådde 86. plassen på Billboard Hot 100, og nådde 13. plassen på Mainstream Rock-lista. I Canada nådde songen 50. plassen. Det vart den siste singelen til Slade som gjekk inn på den amerikanske singellista.

CBS-utgåva av singelen hadde «Lock Up Your Daughters» som B-side, henta frå albumet Till Deaf Do Us Part frå 1981, og i tillegg utgjeven på CBS-utgåva av Rogues Gallery. I Tyskland vart eit albumspor frå Rogues Gallery, «Time to Rock», gjeven ut som B-side. Ein tysk 12"-vinyl vart òg gjeven ut med ein lengre versjon av «Little Sheila» som A-side.

Format 7"-singel (CBS-utgåve) «Little Sheila» - 3:56 «Lock Up Your Daughters» - 3:28

7"-singel (CBS-promoutgåve) «Little Sheila» - 3:56 «Little Sheila» - 3:56

12"-singel (CBS-promoutgåve) «Little Sheila» - 3:56 «Little Sheila» - 3:56

7"-singel (RCA tysk utgåve) «Little Sheila» - 3:54 «Time to Rock» - 4:08

12"-singel (RCA tysk utgåve) «Little Sheila (Extended Version)» - 4:31 «Time to Rock» - 4:08

Salslister Liste (1985)PlasseringCanadian Singles Chart50U.S. Billboard Hot 10086U.S. Mainstream Rock Chart13

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Lock Up Your Daughters» og «Time to Rock», arrangør Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande John Punter - produsent på «Little Sheila» Image Bank - fotografi på RCA-omslaget Mainartery - design av RCA-omslaget

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Little Sheila» frå , den 20. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Slade-songar Kategori:CBS Records-singlar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av John Punter