Meta Platforms, Inc., kjent som Facebook, Inc. fram til 28. oktober 2021, er eit amerikansk fleirnasjonalt teknologikonsern med hovudkontor i Menlo Park, California. Det er morselskapet til Facebook og dotterselskapa til tenesta. Det er eit av verdas mest verdifulle selskap og er rekna som ein av «dei fem store» IT-selskapa i USA, saman med Amazon, Alphabet, Apple og Microsoft. Selskapet genererer dei fleste av inntektene ved sal av annonseplasseringar til marknadsførarar.
Meta tilbyr andre produkt og tenester, inkludert Facebook Messenger, Facebook Watch og Facebook Portal. Det har også kjøpt opp Giphy og Mapillary, og eig 9,99 % av aksjane i Jio Platforms.
I oktober 2021 rapporterte medium at morselskapet til Facebook hadde planar om å endre namnet til å «reflektere fokuset på å byggje opp eit metavers». Selskapet skifta namn til Meta seinare same månad, den 28. oktober. Namnet «Meta» kjem av gresk og tyder 'bortanfor', som indikerer det futuristiske motivet bak.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:USA-amerikanske IT-føretak