Lisbeth Broch () var ein norsk pedagog, politikar, kvinnesaksforkjempar og forfattar.
Familie Lisbeth Broch var dotter av overrettsassessor, seinare høgsterettsdommar Erling Broch (1875–1941, av slekta Broch) og Anna Cecilie Munch-Petersen (1877–1957). Ho var brordotter av barnebokforfattaren, illustratøren og kvinnesaksforkjemparen Lagertha Broch (1864–1952), språkforskaren Olaf Broch (1867–1961), bustadsinspektør Nanna Broch (1879–1971) og zoolog og professor Hjalmar Broch (1882–1969). I 1938 blei ho gift med Vilhelm Andreas Wexelsen Evang (1909–83), seinare oberst og leiar av den norske militære etterretningstenesta.
Liv og virke Broch vaks opp i Trondheim og Vestre Aker og tok Examen Artium frå reallinja ved Ris gymnas i 1930. I 1937 vart ho cand.philol. med historie som hovudfag frå Universitetet i Oslo. I denne utdanninga inngjekk òg norsk og tysk. Ho var i perioden 1938 til 1960 lærar ved fleire skular i Oslo. Skuleåret 1951-1952 var ho engasjert som mellombels lektor på Valler skule i Bærum, før ho inntil 1960 underviste ved Aars og Voss' skule. I 1960 vende ho attende til Valler, denne gongen som rektor. Ho vart i denne stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1979.
I 1930-åra vart Lisbeth Broch som student medlem av Mot Dag, og ho var dessutan lokalpolitikar i Bærum, der ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapet. Ho sat i kommunestyret i periodane 1948–1955 og 1960–1967, og i formannskapet frå 1964. I fleire år var ho dessutan medlem av skulestyret og barnevernsnemnda.
Broch var ein aktiv kvinnesaksforkjemper. Dette uttrykte ho i virket sitt som skribent, kanskje tydelegast i heftet Kvinnereisning frå 1940, der ho tok for seg historia til kvinnerørsla i Noreg og i verda elles. Ho var dessutan medforfattar i Arbeidernes Leksikon, og skreiv dessutan eitt bind av Aschehougs verdenshistorie.
Bibliografi
1937: John Stuart Mill's betydning for Englands kvinnebevegelse 1941: Sjøfart og kolonier på 1700-tallet 1940: Kvinnereisning (Utgitt i bearbeidet form i Cappelens Studiebibliotek i 1946) 1952: The Political Role of Women in Norway 1954: Aschehougs verdenshistorie bind 3: Fra de store oppdagelser til 1789
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lisbeth Broch» frå , den 12. november 2021.
Litteratur Norsk kvinnelitteraturhistorie. Pax. 1990. s. 252. ISBN 8253014988.
Bakgrunnsstoff Norsk biografisk leksikon: Lisbeth Broch lokalhistoriewiki.no: Lisbeth Broch
Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske forfattarar