Neuruppin er ein by og kommune i landkrinsen Ostprignitz-Ruppin i delstaten Brandenburg i Tyskland med 30 000 ibuarar. Med eit flatemål på 305,2 km² er kommunen ein av dei største i heile Tyskland.

mini|venstre|Framstilling av byen frå 1694. mini|venstre|Treeiningskyrkja i Neuruppin

Byen Neuruppin ligg 44 meter over havet ved Ruppin-vatnet. Etter ein bybrann i 1787 vart dei nye bygningane oppførte i nyklassisk stil. Denne stilen pregar mykje av bybiletet, og gjer at byen ofte vert nemnt som den mest prøyssiske av alle byar i Preussen.

Arkitekten og kunstnaren Karl Friedrich Schinkel,forfattaren Theodor Fontane og politikaren Rudolf Diels var frå Neuruppin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neuruppin» frå , den 1. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Brandenburg