Purpurflangre (Epipactis purpurata) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten lever i lauvskog i det meste av Europa frå Danmark og sørover, men finst ikkje i Noreg.
Systematikk I Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online reknar ein desse underartane: Epipactis purpurata subsp. halacsyi (Robatsch) Kreutz: endemisk for Peloponnes i Hellas Epipactis purpurata subsp. purpurata Epipactis purpurata subsp. rechingeri (Renz) Kreutz: Azerbaijan til Iran
Utbreiing Purpurflangre (dansk namn tætblomstret hullæbe) er ganske sjelden i Danmark, men har spreidde veksestader i fleire landsdelar og er rekna som livskraftig (LC).
Purpurflangre (engelsk namn violet helleborine) er ganske vanleg i England, men finst ikkje i Wales eller Skottland og heller ikkje i Irland. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC), på same måte som lokalt i England.
Eit registrert funn frå 1935 sør i Litauen (litauisk namn trumpalapis skiautalūpis) har det ikkje vore mogleg å verifisere. Han har stått på den litauiske raudlista klassifisert med usikker status (kategori 4 – nenustatyta), men er ikkje teken med i den siste utgåva (2021).
I Benelux er arten (nederlandsk namn paarse wespenorchis, fransk namn épipactis violacé) ikkje registrert i Nederland. I Belgia er han såvidt registrert i Flandern, medan han i Vallonia har nokre veksestader i sør. Han er ikkje raudlistevurdert i Flandern og er rekna sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).
I Tyskland er arten (tysk namn Violette Ständelwurz) rekna som nær truga (NT, Vorwarnliste). I Polen er arten (polsk namn kruszczyk siny) rekna som sårbar (VU, narażony).
Hybridar Hybriden mellom purpurflangre og skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei) var berre registrert nokre få stader aust på Jylland og på Falster, men er funnen fleire stader dei siste åra. På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta