Sonia Bisset Poll () er ein kubansk tidlegare spjutkastar frå Santiago de Cuba. Ho var ein verdas beste kvinnelege spjutkastarar i perioden 1997-2007, tok VM-bronse i øvinga i 2001.
Aktiv Bisset plasserte seg mellom dei sju beste i spjut-tevlinga i samtlege seks verdsmeisterskap og to olympiske leikar i tida frå 1997 til 2007. Med eitt einaste unntak enda ho på plassane 5, 6 og 7. Unnataket kom under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. Her kasta ho 64,69 meter og sikra seg bronsen med god margin. Høgdepunktet for Bisset var likevel IAAF-finalen 2000 i Doha, der ho kasta 65,87 meter og vann med høvesvis 1 og 8 centimeters margin til sterke utøvarar som Trine Hattestad og si eiga landskvinnne Osleidys Menéndez. Sommaren 2005 presterte Bisset livsbeste med 67,67 meter ved eit stemne i Salamanca.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Nr 6 – 63,80 m VM 1999 i Sevilla: Nr 6 – 63,52 m OL 2000 i Sydney: Nr 5 – 63,26 m VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 64,69 m VM 2003 i Paris: Nr 6 – 60,17 m OL 2004 i Aten: Nr 5 – 63,54 m VM 2005 i Helsinki: Nr 7 – 61,75 m VM 2007 i Osaka: Nr 6 – 61,74 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sonia Bisset» frå , den 8. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Cubanske spydkastarar Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Santiago de Cuba