Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø () er ein norsk politikar for Ap som var fungerande ordførar i Bergen kommune frå 2022 til 2023.
Frå 25. april 2019 til 27. januar 2020 var ho byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune. Ho vart vald som varaordførar i Bergen kommune 22. september 2021.https://www.nrk.no/vestland/ny-ordforer-i-bergen--1.15662522
Bakgrunn Engø er fødd i Bergen og vaks opp på Flaktveit i Åsane bydel.
Engø var elev ved Bergen katedralskole frå 2009 til 2012. Ho har ein bachelorgrad i historie med fordjuping i midtaustenhistorie frå Universitetet i Bergen, og ein påbegynt mastergrad i demokratibygging ved same universitet.
Engø har arbeidserfaring som pleieassistent ved sjukeheim, butikkmedarbeidar og frilansjournalist.
Politisk karriere Engø melde seg inn i AUF i ung alder. Som 17-åring måtte ho steppa inn som fungerande fylkesleiar for AUF i Hordaland etter at Tore Eikeland vart drepen på Utøya i terroråtaket 22. juli 2011.
Ved kommunestyrevalet i 2011 vart Engø vald inn som varamedlem i Bergen bystyre, og ved vala i 2015 og 2019 vart ho vald inn som fast bystyrerepresentant.
Engø jobba som politisk rådgjevar for byrådet Schjelderup under heile funksjonstida til byrådet (22. oktober 2015–25. april 2019); fyrst som politisk rådgjevar for skolebyråd Pål Hafstad Thorsen, og deretter for byrådsleiar Harald Schjelderup.
Då Schjelderup tredde til side og Roger Valhammer danna nytt byråd 25. april 2019, vart Engø utnemnd som byråd for barnehage, skule og idrett.
Engø gjekk av som byråd den 27. januar 2020 sidan partia SV, FNB, Høgre og Frp hadde meldt mistillit grunna Vigilo-saka. Saka handla om ein skoleapp som hadde fleire alvorlege tryggleikshol. I juli 2020 fekk ho jobb i næringslivet.
I september 2021 vart Engø vald som varaordførar i Bergen kommune og gruppeleiar for Arbeidarpartiet.
I oktober 2022 rykka ho opp til vervet som ordførar då Rune Bakervik gjekk ut av rolla for å bli byrådsleiar. Etter kommunevalet i 2023 vart ho erstatta av Marit Warncke frå Høgre den 25. oktober. I ei tid frem til overtkinga hadde Engø vore i permisjon, og varaordførar Eira Garrido fungerte som ordførar fram til då.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Linn Kristin Engø» frå , den 24. november 2022.
Kategori:Norske politikarar Kategori:Byrådar i Bergen Kategori:Ap-politikarar i Hordaland Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Folk frå Bergen